Hopp til innhold

Erna avviser omkamp om Førdefjorden

Statsminister Erna Solberg (H) meiner det ikkje har vore grunnlag for dei sterke reaksjonane mot sjødeponi i Førdefjorden.

Statsminister Erna Solberg i stortingets spørretime

FERDIG: Erna Solberg seier at regjeringa er ferdige med å handsama denne saka.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

– Av og til må vi velje mellom vakker natur og arbeidsplassar. I Sogn og Fjordane er det mykje vakker natur, men fylket treng også arbeidsplassar, seier Solberg.

Dermed avviser statsministeren at det kan bli aktuelt med ein omkamp. Det skriv Bergens Tidende.

– Det har vore gjort eit grundig arbeid i å kartleggje konsekvensane miljømessig av å gje eit utvinningsløyve i Engebøfjellet. Basert på det så har Klima- og miljødepartementet fastsett strenge utsleppsvilkår. Vi meiner at denne balansen mellom arbeidsplass og miljø her, er til å leve med, sa Solberg under Stortingets spørjetime onsdag.

Høyr meir av statsministeren sitt svar frå spørjetimen her:

Trass i at reaksjonane har vore sterke både i Norge og utanfor landegrensene står Solberg fast på at det no er gjeve ein juridisk bindande konsesjon for gruvedrift i Naustdal.

Ser seg ferdig med saka

Ho meiner den langsiktige miljøpåverknaden av gruvedrift er forsvarleg. Miljødirektoratet har vurdert at det meste av botnnivået i Førdefjorden ikkje kjem til å bli påverka av deponiet. Noko som er eit viktig argument for regjeringa.

– Det er berre to artar i fjorden som det kjem til å ta litt lengre tid før dei når bestandsmåla, seier statsministeren. Dei to er pigghå og blålange.

Gruveselskapet Nordic Mining har fått løyve til å sleppe ut inntil 250 millionar tonn gruveavfall til Førdefjorden.

Ifølgje utgreiingane til Miljødirektoratet vil ikkje deponiet ramme gyteplassar for kysttorsk direkte.

– Regjeringa ser seg ferdige med å handsame denne saka, seier Solberg.

Vil redde fjorden gjennom EØS-domstol

Men ikkje alle kjenner seg like ferdige med gruvesaka. No klagar fiske-, frilufts- og miljøorganisasjonar regjeringa si avgjerd inn til EØS-domstolen ESA.

Dei meiner regjeringa sitt vedtak vil få store miljøkonsekvensar for Førdefjorden, og at det bryt med vassdirektivet, skriv dei i ei pressemelding.

– Vi meiner vedtaket bryt med EU-reglane vi har slutta oss til og som har som mål å skaffe oss reinare vatn, seier leiaren i Naturvernforbundet, Lars Haltbrekken.

Dei 12 organisasjonane som stiller seg bak er Natur og Ungdom, Vevring- og Førdefjorden Miljøgruppe, Friends of the Earth Europe, Norges Kystfiskarlag, Norske Lakseelver, Den Norske Turistforening, Norges Jeger- og Fiskerforbund, WWF Norge, Greenpeace Norge, Sabima, Framtiden i våre hender og Naturvernforbundet.

Dei håpar at EØS-domstolen kan stoppe planane om å bruke Førdefjorden som avfallsplass for gruveindustrien. Klagen gjeld alle løyver til sjødeponi som er blitt gjeve etter at vassdirektivet var ein del av Norsk lov.

Engebø og Førdefjorden

VERNAR OM FJORDEN: 12 ulike fiske-, frilufts- og miljøorganisasjonar har klaga inn regjeringa sitt vedtak til ESA.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK