Hopp til innhold

Elevane best i 16 av 32 skulefag

Elevane ved dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane leverer imponerande resultat samanlikna med elevar andre stader i landet.

Dale vidaregåande skule

FLINKE ELEVAR: Elevar i den vidaregåande skulen i Sogn og Fjordane scorar uvanleg høgt på skritflege eksamenar i forhold til sine medelevar andre stader i landet.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Utdanningsdirektoratet sine ferske tal syner at elevane på vidaregåande nivå i Sogn og Fjordane kjem ut med dei beste resultata i heile 16 av 32 fag - basert på skriftlege eksamenar i vår.

Ved eksamenane fekk elevane i heile landet dei same oppgåvene, og dei vart også sensurerte i ein felles sentral sensur.

Utdanningsdirektoratet har sett karakterane opp med gjennomsnitt per fylke. Elevane toppa statistikken både innanfor språk, samfunnsfag og realfag.

Sogn og Fjordane låg dessutan over gjennomsnittet i 27 av dei 32 faga.