– Eg jobba som lærar fram til min siste undervisningstime i Høyanger til klokka 13:15 i går. Deretter kasta eg meg i bilen til Oslo. Så eg har hatt mest tanke på elevane mine til no - eg må berre omstille meg og byrje å tenkje landbrukspolitikk, seier Blåfjelldal til NRK.no.
Hanne Blåfjelldal, som er tidlegare sentralstyremedlem i Frp, blir statssekretær i landbruksdepartementet.
- Alltid vore interessert i landbruk
Ho er tidlegare første nestformann i Fremskrittspartiets Ungdom. Ho kjem opphavleg frå Sør-Aurdal kommune i Valdres, der ho tidlegare også sat i kommunestyre og formannskap.
– Siv Jensen ringde meg i førre veke. Eg brukte ikkje lang tid på å bestemme meg og takke ja til jobben, seier Blåfjelldal.
Blåfjelldal var Framstegpartiets andrekandidat til stortingsvalet 2009 for Oppland. Ho jobba også i ein periode som politisk rådgjevar for Framstegspartiets stortingsgruppe, og då spesielt innanfor kyrkje-, utdannings- og forskingspolitikk.
– Eg har alltid vore interessert i landbrukspolitikk og distriktspolitikk. Men eg veit at eg har mykje å lære. No skal eg lese meg opp og tileigne meg kunnskap og kompetanse, seier ho.
Statssekretær vaks opp i Lavik
Himanshu Gulati er fødd i Førde, og budde sine første ni år i Lavik, og er tidlegare Fpu-leiar. No blir han statssekretær i den nye regjeringa, truleg i samferdsledepartementet, ifølgje aftenposten.no.
Gulati vart med sin norsk-indiske bakgrunn den første fleirkulturelle leiaren i eit norsk ungdomsparti nokonsinne, då han tok over leiarvervet i Fpu.
PS: Den nye Barne- og Likestillingsministeren Solveig Horne skal også ha røter frå Sogn og Fjordane. Far hennar er frå Vevring.