Ambulanse køyrde i grøfta
Ein ambulanse frå Helse Førde køyrde i kveld i grøfta like ved Osen bru i Gaular. – Han hamna utfor vegen med eit hjul, men klarte å ta seg opp igjen sjølv. Det var ingen pasientar med i bilen og ambulansearbeidarane vart ikkje skadd, seier kommunikasjonssjef i Helse Førde, Terje Ulvedal.