For første gong er den smittsomme MRSA-bakterien funnen hos ein svinebonde som driv med avl. Det betyr at smitten kan ha spreidd seg til dyra hos dei bøndene som har kjøpt smågrisar frå Hå-bonden.
- Les også:
MRSA-bakterien er antibiotikaresistent og derfor gjer Mattilsynet sitt yttarste for å hindre at den spreier seg i Norge.
– Kva konsekvensar dette funnet har for dei 54 grisebøndene blir først klart neste veke.
Det seier avdelingsleiar i Mattilsynet Odd Ivar Berget.
Vil ha endra erstatningsreglar
Kristeleg Folkeparti i Hå kommune, der MRSA-smitten er funnen, går nå inn for å endra dei statlege erstatningsreglane i slike saker. I dag kan svinebonden risikera å måtte stenge ned produksjonen i to til tre år, og erstatninga blir ikkje betalt ut før karantenetida er slutt.
- Les også:
– Det er for stor økonomisk påkjenning for griseprodusentane. Vårt forslag er at staten må betale ut delvis erstatning undervegs i karantenetida, seier Andreas Bjordal. Han er tredjekandidat på KrF si liste i Hå.
Olaug Bollestad tar saka til Stortinget
Foto: Gunnhild Sørås / KrFStortingsrepresentant Olaug Bollestad frå KrF har lova å ta opp dette forslaget i Stortinget til hausten.
Ikkje grunn til panikk
Mattilsynet understrekar at denne bakterien sjeldan gir sjukdom hos dyr eller friske menneske.
Les også:
– Derimot kan det bety alvorlege infeksjonar for folk som alt har ei svekka helse, seier Berget i Mattilsynet.
Han seier også at det er svært viktig å halde bakterien vekke frå helseinstitusjonar som sjukehus og sjukeheimar.