Hopp til innhold

Her er video av kjempehaien

I dag kom to svært nøgde fiskarar tilbake frå tur. Med seg har dei video av det som kan vera verdas nest største fisk, som nokon sinne er tatt med stong.

Verdas nest største fisk, tatt med stong, kan ha blitt fiska i Nedstrandsfjorden natt til Laurdag. Håkjerringa er truleg 1,1 tonn tung.

SJÅ VIDEO: Asgeir Alvestad og John Olav Florø-Larsen filma då dei drog opp giganthaien på 1,1 tonn.

Sår på armane

Slik ser armane til John Olav Florø-Larsen etter han har vore borti håkjerringa.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Natt til laurdag fekk sportsfiskaren Asgeir Alvestad frå Lillesand napp i Nedstrandsfjorden ved Boknafjorden i Rogaland. Etter ein og ein halv time hadde han drege opp sin største fisk nokon sinne.

Ein hai av typen håkjerring, som ut frå måla truleg veg over eitt tonn.

– Mi råaste oppleving

I dag kom Alvestad og kompanjongen John Olav Florø-Larsen frå Stavanger i land etter drøymefiske.

– Dette er mi råaste oppleving så langt i livet, seier Alvestad.

Florø-Larsen er samd. Sjølv om det ikkje var hans stong det kom napp på, var han med i basketaket. Armane hans er oppskrapa, av den rue huda på håkjerringa.

– Det er ikkje ein einmannsjobb å dra opp ein slik fisk, seier han.

Vil registrera fangsten

Det var sjølvsagt for fiskekameratane å la haien leva vidare. Men før dei sleppte den ut, målte dei den.

Håkjerringa var 4,79 m lang og 2,66 m rundt buken. Standardutrekningar som fiskarane har brukt, seier at haien dermed er 1,1 tonn. Berre hundre kilo mindre enn veras største stongfiska fisk; ein kvithai på 1,2 tonn.

Nå byrjar jobben for å få dette godkjent som den nest største fisken, som er fiska på stong, nokon sinne.

– Me vil prøva å få det registrert hos Villmarksliv som har noregsrekordane, og på IGFA som har verdsrekordregisteret. Me får sjå om dei godkjenner sjølv om me slapp fisken uti att, men det viktigaste er uansett at fisken fekk leva vidare, seier Alvestad.

I dag kom to svært nøgde fiskarar tilbake frå tur. Med seg har dei video av det som kan vera verdas nest største fisk, som nokon sinne er tatt med stong.

Asgeir Alvestad og John Olav Florø-Larsen fortel om fangsten.