Hopp til innhold

Nektar for at Gaddafi-son er drepen

NATO har teke livet av enda ein Gaddafi-son, hevdar opprørarane i Libya. Regimet nektar, og seier opprørarane driv med skitne trisk.

Mummar al-Gaddafi og sønnene Saif al-Islam og Khamis

Bilete av familien Gaddafi. Far Muammar fremst, og sønene Saif al-Islam og Khamis bak.

Foto: AHMED JADALLAH / Reuters

Ein av Gaddafi sine sju søner skal ha vorte drepne i eit NATO-åtak. Det hevdar libyske opprørarar, ifølgje nyheitsbyrået AFP.

Sonen Khamis (28) vart ifølgje opprørarane drepen natt til fredag i den vestlege byen Zliten. Også 32 andre menneske skal ha mista livet i samanstøyten.

– Skittent triks

Ein regjeringstalsmann avviser ifølgje nyheitsbyrået Reuters at Khamis er drepen.

– Dette er eit skittent triks, seier han.

– Meldingane om at Khamis er drepen av eit flyangrep frå NATO, er veldig skitne løgner for å dekke over drapet på sivile i den fredelege byen, seier regjeringstalsmann Mussa Ibrahim til nyheitsbyrået AFP.

NATO vil sjølv ikkje seie kva som har skjedd. Dei stadfestar berre angrepet på Zlitan.

– NATO angreip eit ammunisjonslager i Zlitan rundt klokka 20.15, og eit anlegg for militærpolitiet i eit stridsområde utanfor Zlitan klokka 22.15, seier ein talsmann for alliansen.

Han strekar under at NATO ikkje har individ som mål, og at dei tek alle meldingar om sivile tap veldig alvorleg.

Son drepen i mai

Også i mars i år kom det rapportar om at Khamis var omkomen etter å ha vorte kraftig skadd i eit kamikazeåtak mot Bab al-Aziziya.

Det har den siste tida gått føre seg harde kampar mellom Gaddafi-soldatar og opprørsstyrkar i den strategiske kystbyen Zliten.

Ein talsmann for den væpna opprørsgruppa seier fredag til AFP at Gaddafi sine etterretningsoffiserar har identifisert Khamis som ein av dei drepne:

– Rundt 32 Gaddafi-lojale er drepne i eit luftåtak utført av NATO i natt. Ein av dei er Khamis, fortel Mohammed Zawawi.

Informasjonen er førebels ikkje stadfesta av andre kjelder.

Motstandar av eit mjukare Libya

Khamis er Gaddafi sin yngste son. Han er yrkesoffiser og leiar av ein eigen spesialstyrke som skal vera den best utstyrte avdelinga i heile den libyske hæren.

Yngstesonen er ein sterk motstandar av eit mjukare og moderne styresett i heimlandet, og skal ha hatt ei sentral rolle i forsøka på å atterobra den opprørskontrollerte hamnebyen Benghazi.

Den 1.mai i år vart ein annan av sønene til den libyske diktatoren,Saif al-Arab drepen i eit NATO-åtak.

Huset til Saif al-Arab vart råka råka av tre NATO-rakettar, som også tok livet av tre av Gaddafi sine borneborn.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt