Hopp til innhold

Døydde på sjukehus etter flystyrt

Ti år gamle Anton Terekhin, som overlevde flystyrten i Russland tysdag, døydde på sjukehus i natt.

Fly styrtet i Russland

Dødstalet etter flykrasjen i Russland tysdag har stige til 45 etter at ti år gamle Anton Terekhin døydde på sjukehus i natt.

Foto: KIRILL KUDRYAVTSEV / Afp

Tiåringen Anton Terekhin overlevde flystyrten i den russiske byen Petrozavodsk, der 44 personar omkom . Men i natt døydde han på sjukehus, og dødstalet i flystyrten steig dermed til 45.

– Klokka 2.50 i natt døydde guten på sjukehuset i Petrozavodsk. Han hadde alvorlege brannskader, seier ein lokal talsperson til nyheitsbyrået RIA Novosti.

Mor døydde - søster i live

Flystyrt i Russland

Flyet starta å brenne etter krasjlandinga.

Foto: REUTERS TV / Reuters
Flystyrt i Russland

Myndigheitene undersøkjer no kva som var årsaka til at flyet krasja.

Foto: STRINGER/RUSSIA / Reuters

Terekhin var på veg frå den austlege byen Yuzhno-Sakhalinsk saman med mora og den 14 år gamle søstra si.

Mora Oksana døydde i krasjen, medan søstra vart sendt til Moskva for behandling.

Far i familien reiste frå Moskva til Sakhalin i dag, ifølgje ein talsperson for regionen.

Tupolev-flyet tok av frå Moskva tysdag formiddag, men nådde ikkje fram til destinasjonen. Flyet krasjlanda på ein motorveg utanfor Petrozavodsk, knuste og starta å brenne.

Åtte av dei 52 som var ombord var i live etter krasjen. No er berre sju av dei i live.

Ifølgje nyheitsbyrået Interfax var dei fleste passasjerane om bord i flyet russiske, men også ein svensk statsborgar skal ha vore med i flyet.

Skuldar på piloten

Ulykkesflyet, av typen Tupolev-134 , vart sett i drift på 1960-talet og har vore flittig brukt i kortbanetrafikk.

Den russiske visestatsministeren Sergei Ivanov la tidleg ansvaret for ulykka på piloten. I dag får han støtte frå kjelder på flyplassen og i kontrolltårnet.

Flyplassmyndigheitene seier piloten starta innflyginga for tidleg, og at flyet var 200 meter ute av kurs då landinga starta.

Kontrolltårnet opplyser at dei gav piloten beskjed om å avbryte landinga, og at dei bad han gjere eit nytt forsøk. Dei seier også at piloten sa han ville greie å lande på første forsøk.

Russiske myndigheiter etterforskar kva som skjedde i ulykka. Ferdskrivaren er funnen, og flyhavarikommisjonen håpar den vil hjelpe dei å gi eit detaljert bilete av kva som var årsak til flystyrten.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt