Det er til ein journalist i den amerikanske avisa «the Atlantic» at den tidlegare
presidenten og revolusjonsleiaren på Cuba kjem med fleire oppsiktsvekkjande kommentarar.
– Den cubanske modellen fungerer ikkje eingong for Cuba lenger, svarar Castro på spørsmål om han framleis har tru på den kubanske styreforma som «eksportvare» til andre land.
Offentleg tale
Førre fredag heldt 84-åringen sin første offentlege tale på fire år. Då nytta han - ikkje overraskande - høvet til å retta hard skyts mot erkefienden USA.
- LES OGSÅ:
– Amerikanarane skaper eit system som trugar menneskeheita, sa Castro til dei 10.000 frammøtte i hovudstaden Havana.
Langt meir overraskande er det at mannen som gjorde Cuba til kommunistisk eittpartistat ved væpna revolusjon i 1959, har svekka tiltru til den økonomiske modellen han sjølv innførte.
– Losnar grepet
Fidel Castro i samtale med 'The Atlantic'-journalist Jeffrey Goldberg.
Foto: HO / AfpThe Atlantic-journalist Jeffrey Goldberg var invitert til Cuba av Castro sjølv for å diskutere situasjonen i Midtausten. Det var under ein uformell lunsj i Havana i slutten av august at Castro uttrykte skepsis til den kommunistiske styringsforma som ei god løysing for dagens Cuba.
- LES OGSÅ:
Ei breiare utdjuping frå Castro sjølv, kjem ikkje fram i Goldbergs artikkel. Men ekspert på amerikansk-kubanske relasjonar, Julia Sweig meiner Castros utspel ikkje kan tolkast som at revolusjonsleiaren no forkastar ideane som låg til grunn for den cubanske revolusjonen.
– Eg tolkar kommentaren til Castro som ei erkjenning av at den kubanske modellen gjev staten ei altfor stor rolle i den økonomiske sfæren, seier Sweig til journalisten Goldberg.
Raul under press
President på Cuba, Raul Castro seier det sosialistiske systemet på Cuba er urokkeleg.
Foto: Javier Galeano / ApSweig påpeiker at tanken bak eit slikt utspel truleg er å skape rom for at Castros bror Raul, som no er president, får aksept og gjennomslag for naudsynte reformar.
Raul Castro annonserte nyleg at styresmaktene ser seg nødde til å gjere endringar i økonomien som følgje av den økonomiske krisa som Cuba no befinner seg i.
- LES OGSÅ:
Statens inngripen i kubansk økonomi vil difor bli mindre på einskilde område. Eittpartistaten har allereie opna opp for at kubanarar får starta små bedrifter, og med det gjeve grønt lys for tilsetjing av privat arbeidskraft.
- LES OGSÅ:
I talen til landets nasjonalforsamling førre veke, var Fidels etterfølgjar likevel klar på at det sosialistiske systemet på Cuba er ugjenkalleleg, og at det er uaktuelt å snu skuta mot marknadsliberalisme.
– Angrar Cuba-krisa
Fidel Castro og dåverande Sovjet-leiar Nikita Khrushchev i vennskapeleg omfamning i samband med eit FN-møte i 1960.
Foto: MARTY LEDERHANDLER / API samtalane med Goldberg uttrykkjer Fidel Castro også frykt for at ein konfrontasjon mellom Vesten og Iran kan utvikle seg til ein atmovæpna konflikt.
- LES OGSÅ: Iransk atomkraftverk i gang
At Castro no framstår som ein korsfarar mot bruk av slike våpen, vekkjer oppsikt verda over. Som dåverande statsminister, var Castro nemleg sjølv ei sentral brikke under Cuba-krisa i 1962, då supermaktene USA og Sovjetunionen stod på kanten til å starte ein atomkrig.
– Etter det eg no har sett og erfart, var det ikkje verdt det, seier Castro til den amerikanske journalisten.
Bakgrunnen for konflikten var at Castro hadde gjeve si velsigning til utplasseringa av sovjetiske atomrakettar på øya. Castro forsvarte på det tidspunktet rakettutplasseringa som «Cuba sin lovfesta rett til sjølvforsvar» mot trugsmål frå det antikommunistiske USA.
I lys av dagens anspente situasjon mellom USA og Irak, angrar derimot eks-presidenten dei avgjerslene som for 48 år sidan kunne ha ført til ein tredje verdskrig.