Hopp til innhold

Obama: Vi gjorde grove feil

USAs president Barack Obama seier det vart gjort klare systemfeil i samband med terrorforsøket mot eit fly i Detroit i USA 1. juledag.

Barack Obama

- Slik feil er ikkje akseptable, seier Barack Obama.

Foto: Alex Brandon / Scanpix/AP

LES OGSÅ: - Detroit-bakmenn på Guantanamo

LES OGSÅ: Slik så bombetrusa ut

LES OGSÅ: - Vil gjøre alt for å forsvare USA

Obama viste i ein tale på Hawaii i kveld til at amerikansk etterretning hadde fått opplysningar om ein namngitt ekstremist, og at denne informasjonen ikkje vart sendt vidare. Så går denne ekstremisten om bord i eit fly med farlege eksplosivar på seg, og nesten 300 menneske kunne ha blitt drepne, sa han.

Uakseptabelt

- Ein slik systemsvikt er fullstendig uakseptabel, la han til.

Han sikta til Umar Farouk Abdulmutallab, som 1. juledag prøvde å sprengje eit passasjerfly med rundt 280 menneske om bord like før landing i Detroit i USA. Faren hans, ein velståande bankmann frå det nordlege Nigeria, hadde varsla amerikanske styresmakter om at sonen hadde farlege haldningar.

Åtvaringane frå faren kom for fleire veker sidan, men dei vart ikkje distribuert utover i systemet

Skal ikkje gjenta seg

Den amerikanske presidenten lova i talen å ordne opp slik at slike tabbar ikkje skal gjenta seg. Han gjekk ikkje konkret inn på kva åtgjerder han meiner er nødvendige å ta, men sa at det vil ta fleire veker å fylle hola i det nasjonale tryggingssystemet.

- Vi må lære av denne episoden, og handle raskt og effektivt for å ordne opp i dei feila vi har i systemet vårt, seier presidenten.

Den 23 år gamle nigerianaren kom seg gjennom tryggingskontrollen på flyplassane både i Lagos og på Amsterdam Schiphol utan å bli oppdaga.

Farouk 1986

I perioden frå 2005 og til i år har Abdulmutallab skrive 310 innlegg på ein islamistisk nettstad under namnet Farouk1986. Nyheitsbyrået AFP har gått gjennom innlegga, og så tidleg som i 2005 skreiv han at han hadde "fantasiar om jihad".

- Eg drøymer om korleis den store jihad vil gå føre seg. Korleis muslimane vil vinne og styre heile verda, og, om Allah vil, reetablere det største imperiet, heiter det blant anna i eitt innlegg.

Læraren til Abdulmutallab på University College i London, der han studerte frå september 2005 til juni 2008, seier at han var ein mønsterstudent.

Umar Farouk Abdulmutallab (til høgre) saman med ein kamerat og ein politimann framfor Buckingham P.

Umar Farouk Abdulmutallab (til høgre) saman med ein kamerat og ein politimann framfor Buckingham Palace.

Foto: Mike Rimmer / Scanpix/AFP

LES OGSÅ: Påtar seg skylden for terrorforsøk

LES OGSÅ: USA vurderer kropsskanning

SISTE NYTT

Siste nytt