Sjå innslaget med døvetolk Natalia Dmitrouk
Natalia Dmitrouk er døvetolk i den statlege ukrainske fjernsynsstasjonen UT1, og har sin plass nedst i høgre hjørnet på fjernsynsskjermen under nyheitssendingane.
Då den sentrale valkommisjonen offentleggjorde at statsminister Viktor Janukovitsj hadde vunne valet, så døvetolka ho dette på direkten.
Men for eiga rekning la ho til: - Folk, dette er ikkje sant. Det er berre tull!
Etter at dette skjedde har alle journalistane i UT1 gjort det klart at dei ikkje vil vere ein propagandakanal for styresmaktene, og har varsla at dei no er ein uavhengig kanal.