I store delar av Sogn og Fjordane får ein ikkje ringt om hjelp dersom ein er i krise eller naud. Telenettet og helseradionettet er nede i fleire kommunar.
Beredskapssjef i Helse Førde, Bjørn Morten Øen, seier dei heller ikkje har kontakt med ambulansar og kommunelegar fleire stader.
– Vi er i ein svært utfordrande situasjon. Vi har vanskar med å få tak i personellet vårt enkelte stader, og pasientar har problem med å få tak i helsevesenet, seier Øen til NRK.no.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Utfordringar også for politiet
Dei største utfordringane er i Nordfjord der telenettet er nede i storparten av kommunane.
Også politiet opplever situasjonen som krevjande. Sambandet deira er nede fleire stader, men dei jobbar no med å få på plass alternative løysingar.
– Vi har satelittelefonar som kan brukast. Til no har vi ikkje høyrt om situasjonar som har gått ut over liv og helse, seier operasjonsleiar Odd-Arve Solvåg ved Sogn og Fjordane politidistrikt.
Helse Førde: – Må oppsøkje sjukehus sjølve
Helse Førde oppmodar folk som ikkje kjem gjennom på telenettet, og som treng helsehjelp, om å oppsøke nærmaste sjukehus.
Ved alle sjukehusa er det straum, eller naudstraum, og alle viktige funksjonar er intakt.
– Treng ein helsehjelp må ein rett og slett køyre til nærmaste sjukehus sjølve, seier Øen.
(Artikkelen held fram under biletet)
STORE SKADER: Dagmar har gjort store skader. Telenettet og straumnettet er nede fleire stader.
Foto: Aina Rødal / NRKVaktleiar Dagny Røyrvik ved Alarmsentralen Sogn og Fjordane seier stormen har skapt store utfordringar for brannvesenet.
– Det har vore svært travelt, og samstundes har vi hatt store problem med kommunikasjonen. Situasjonen er rett og slett trasig, seier Røyrvik.
Får ikkje kontakt med AMK-sentralen
Vakthavande kommunelege i Bremanger, Kan Shanker, er utan telefon og får ikkje tak i AMK-sentralen til Helse Førde.
I ein e-post til NRK skriv Shanker at han har hengt opp eit informasjonsskriv på legekontoret i Svelgen slik at folk får vite kvar dei kan få tak i vaktlege i Bremanger.
«Alle som treng kontakt med legevakt i Bremanger kommune kan køyre direkte til Svelgen legekontor dersom dei ikkje får tak i AMK per telefon.»
I e-posten ber Shanker også NRK om å gje denne beskjeden vidare til AMK-sentralen til Helse Førde.