Hopp til innhold

Menigheden: – Knut Tørum må gå

Start sin supporterklubb Menigheden med klar tale etter gårsdagens femte strake kamp utan siger. Supportarklubben vil ha ny trenar. Tørum var ikkje på trening i dag på grunn av planlagt ferie.

Knut Tørum

PRESSA: Start sin supporterklubb Menigheden meiner at Knut Tørum ikkje kan bli sittjande som trenar. (Arkivfoto)

Foto: Schrøder, Tor Erik / Scanpix

– Opprinneleg har vi framleis trua på Tørum, men når du har spelarar og leiing som ikkje vil satse på han, må det skje noko allereie no. Det som må skje er at dei får inn nytt blod på trenarsida, seier pressetalsmann i Menigheden, Terje Roland til NRK.no.

– Etterlyser de eit trenarskifte?

– Vi gjer forsåvidt det. Når ting har blitt som dei har blitt, gjer vi i Menigheden det, seier han.

– Tafatt forsøk

Etter at Start gjekk til pause med 1-0 leiing mot Stabæk i går, vart det total kollaps i andreomgang. Laget tapte 2-4 og spelte sin femte kamp på rad utan siger i eliteserien. Start-trenar Knut Tørum var langt nede etter tapet i går.

– Eg har definitivt ikkje sett Start så dårlege tidlegare. Eg har nesten aldri i fotballivet mitt vore med på eit så tafatt forsøk på å ta poeng, sa Tørum.

Rett før sesongstart vart det klart at Tørum ikkje får ny kontrakt med sørlandsklubben. Klubbleiinga har fått kraftig kritikk for den avgjerda.

– Det er ein kjip situasjon vi har komme i. Det var kjipt før sesongen starta med at Tørum-saka vart som den vart. At vi skal ha ein trenar som sit på oppsigelse ut sesongen blir hardt. Det blir vanskeleg å motivere spelargruppa vil eg tru, seier Roland.

Starts supportere, Menigheden

TRUFASTE: Menigheden vil ha ny trenar i klubben.

Foto: Schrøder, Tor Erik / SCANPIX

Krav handling

Pressetalsmannen krev no handling frå klubben si side.

– No må det skje noko. Vi kan ikkje halde fram den tapsrekkja vi er inne i no, seier han.

– Det vert dårlegare og dårlegare på bana, dei presterer ikkje, har ikkje motivasjon og gir ikkje hundre prosent. Vi håpar noko skjer så raskt som råd, iallefall i sommarpausen, seier han.

NRK.no har prøvd å kontakte leiinga i Start, men ingen svarar.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 1,26 kr
Dyrest kl. 20 1,77 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %