Hopp til innhold

Tørum får ikkje ny kontrakt

Start-trenar Knut Tørum får ikkje tilbod om ny kontrakt i eliteserieklubben.

Knut Tørum

KONTRAKT: Start-trenar Knut Tørum leiar Start ut 2011-sesongen. Kva som skjer etter det er førebels uklart. (Arkivfoto)

Foto: Odd Rømteland / NRK

Tørum har vore i dialog med klubben om ei forlenging av kontrakta.

– Det betyr ikkje at døra er stengd for seinare, men vi signerer ikkje kontrakt no, seier styreleiar i IK Start, Magne Kristiansen til NRK.no.

– Etter ei totalvurdering er Start komme til at Knut Tørum ikkje vert tilbudt ny kontrakt i denne omgang, skriv klubben i ei pressemelding.

Skal vurdere på nytt

Dermed er det uklart om trenaren får halde fram utover kommande sesong.

– Vi skal vurdere dette med hovudtrenar etter vårsesongen. Det vert ein ny prosess på dette over sommaren. No har det vore lange diskusjonar, men vi har fått ei endeleg avklaring og konklusjonen vart som den vart, seier Kristiansen.

– Kva er årsaka til at de er usikre på Tørum?

– Eg vil ikkje gå inn på konkrete detaljar og spesifikke ting. Det er ei totalvurdering som gjer at vi har komme til denne konklusjonen. Det er og viktig å seie at vi har full tillit til at Tørum, saman med resten av apparatet, skal leie laget i 2011, seier styreleiaren.

Full tillit

Kristiansen trur ikkje trenarspørsmålet vil påverke spelargruppa.

– Eg trur spelarane vil handtere dette greit. Vi har signert ei treårskontrakt med Knut Tørum, som går ut etter denne sesongen. Vi ventar at han er profesjonell i forhold til det, og eg er heilt sikker på at også spelarane vil vere det, seier han.

– Sesongen 2011 er krystallklar. Det er full tillit og vi køyrer vidare med Knut ut denne sesongen. Dermed går han ut kontrakta si, som opprinneleg forutsett då den vart signert, seier Kristiansen.

Tørum kom til Start i 2008.

Knut Tørum

USIKKERT: Knut Tørum går ut kontraktstida i Start. Etter det er det uklart om bergensaren får halde fram i kristiansandsklubben. (Arkivfoto)

Foto: Schrøder, Tor Erik / Scanpix

Tørum var førstevalet

I januar skreiv NRK.no at Tørum var førstevalet til klubben som trenar også i åra framover.

– Førstevalget vårt er Knut Tørum og vi har innledet forhandlinger med han, sa administrerande direktør Sveinung Hovstad.

Også Knut Tørum hadde lyst til å halde fram i eliteserieklubben utover kontrakta som går ut etter denne sesongen.

– Vi får håpe vi blir enige om kontrakten. Det er ingen tvil om at begge parter vil forsette, sa Tørum i januar.

Tørum leia laget til 9. plass i eliteserien i debutsesongen i 2009. I fjor enda laget på 8. plass.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Hvem er NRKs nye ekspert? 00:45
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 23 1,14 kr
Dyrest kl. 07 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 5 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,6 kr En vask
  • Varmeovn 1,2 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,5 %