Hopp til innhold

Må bruke fritid på forsking

For lite tid og pengar gjer at forskarar ved Universitetet i Agder må bruke fritida si på forsking.

Det er satt av altfor lite tid og penger til forskning ved Universitetet i Agder. Dette fører til at viktig forskning foregår på forskernes fritid.

VIDEO: Forskarar må bruke fritida på å forske.

Tonje Holte Stea

FRITID: Tonje Holte Stea og forskarkollegaene hennar må bruke fritid til forsking.

Foto: Per-Kåre Sandbakk/NRK

– Problemet er at vi ikkje har nok tid på arbeidsplanane. Skal vi gjere jobben vår må vi bruke fritida, seier 1.-amanuensis ved Universitetet i Agder, Tonje Holte Stea til NRK.no.

Dei vert trekt mellom kravet til undervisning på den eine sida og kravet om å levere forskingsresultat på den andre sida.

Dei nye universiteta får berre halvparten så mykje pengar til forsking som dei etablerte.

– Hardkøyr

Gunn-Elise Lyngvtvedt Ramlet

ARBEIDSMILJØ: Gunn-Elise Lyngvtvedt Ramlet i Arbeidstilsynet, seier at forholda er kritikkverdige.

Foto: NRK
Tom Roar Eikebrokk

ANSVAR: Tom Roar Eikebrokk i Forskarforbundet meiner Kunnskapsdepartementet har ansvaret for at forskarane må drive forsking på fritida.

Foto: Per-Kåre Sandbakk/NRK

– Rammebetingelsane er heilt ulike. Men vi skal levere like mykje. Sjølvsagt er det eit hardkøyr, seier ho.

Arbeidstilsynet driv tilsyn ved Universitetet i Agder og stadfestar vanskelege arbeidsforhold for forskarane.

– Når arbeidstida blir lang og så stressande kan det føre til sjukdom. Så er det slik at når nokon jobbar for mykje blir det vanskeleg med samhandlinga deira, seier seniorinspektør Gunn-Elise Lyngvedt Ramlet i Arbeidstilsynet.

– Det er ikkje i samsvar til arbeidsmiljølova, seier ho.

I gjennomsnitt forskar dei tilsette ti timar ubetalt i veka. I førre veke jobba Tonje 20 timar overtid. Forskarforbundet legg ansvaret på Kunnskapsdepartementet.

– Inntil at dei innser at det har gått for langt og ser skadeverknadene på arbeidsmiljøet, at kvaliteten på publikasjonane blir dårlege og attraktiviteten i å ta ei forskarsynk, trur eg ikkje vi får ei betring, seier styremedlem i forbundet, Tom Roar Eikebrokk.

Inga snarleg løysing

Tonje Holte Stea og forskarkollegaene kan ikkje rekne med ei snarleg løysing ifølgje kunnskapsministeren.

– Eg har snakka med Forskarforbundet og eg snakkar med dei eg besøkjer. Vi kjem til å gå gjennom nokre av dei problemstillingane når vi skal leggje fram ei melding om forsking på vårparten, seier kunnskapsminister Kristin Halvorsen (SV).

– Då kjem eg tilbake til desse spørsmåla, seier ho.

– Det er nokre hinder på vegen, men vi ser moglegheiter og har lyst til å forske meir og danne gode grupper. Så det er ikkje berre svart her, seier Holte Stea.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 1,26 kr
Dyrest kl. 20 1,77 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %