Hopp til innhold

Åtvarar mot «pengefangar»

Etter fleire episodar der kundar ikkje får pengar frå minibankar, ber politiet og DNB folk om å vere på vakt.

Minibank

«Pengefangar»: Fleire bankkundar på Sørlandet er blitt ramma av svindlarar som har plassert såkalla «pengefangar» i minibankane. No ber både bank og politi folk om å vere på vakt.

Foto: www.colourbox.com / Colourbox.com

– Det vert montert utstyr føre kontantuttaksløpet på minibanken. Når kundar skal ta ut pengar får dei tilbake kortet, men ikkje kontantane som dei har bede om, seier operasjonsleiar i Agder-politiet, Ingrid Mæhre til NRK.no.

Så langt har politiet registrert tre tilfelle ved DNB-minibankar i Arendal, Lillesand og Lyngdal. Ifølgje politiet er kundar både i Lillesand og Arendal ramma av den såkalla «pengefangaren», eller «cash-trapping».

Alarmen gjekk

Ingrid Mæhre

ÅTVARAR: Ingrid Mæhre i Agder-politiet ber folk vere på vakt i minibankane.

Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK

– Vi har også fått opplysningar om at liknande har skjedd på Austlandet. No tyder det på at dei er på Sørlandet, seier Mæhre.

Ved minibanken i Lyngdal gjekk alarmen i minibanken då utstyret vart montert.

Personane som prøvde å montere utstyret forsvann raskt frå staden, men er truleg fanga opp av overvakingskamera, som politiet no vil sjå på.

– Vi veit førebels ikkje kven som står bak dette. Forhåpentlegvis vil overvakingsbileta gi oss svar på det, seier Mæhre.

Det var Agderposten som først skreiv om tilfelle i både Arendal og Lillesand fredag. Laurdag skreiv Agder om tilfelle også i Lyngdal.

Informasjonsrådgjevar i DNB, Vidar Korsberg Dalsbø kjenner ikkje til episodane på Sørlandet, men ber bankkundar over heile landet vere på vakt.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Høgsesong for svindel

– Sommar er høgsesong for minibanksvindel. Og vi har ekstra høg beredskap på dette sommartid. Oppfordringa til dei som ser noko uvanleg ved minibankane er krystallklar – meld ifrå til bank og politi, seier han.

Sjølv om han ikkje kjenner til dei konkrete sakene i Arendal, Lillesand og Lyngdal er banken klar over «pengefangaren».

Vidar Korsberg Dalsbø

ÅTVARAR: Vidar Korsberg Dalsbø i DNB ber folk ta kontakt med banken og politiet dersom dei ikkje får pengar ut av minibanken.

Foto: DNB

– Utstyret som vert brukt blir montert i minibanken og fungerer som ein pengefangar, seier han.

– Det vil seie at pengane vert halde att når kunden skulle ha sedlane ved uttak. Metoden har vi sett nokre år no, men den er relativt ny, legg Korsberg Dalsbø til.

– Mikrochip

I fleire år har bankane jobba med å bli kvitt problemet med såkalla skimming, der magnetstripa på bankkortet blir kopiert.

– Slikt utstyr har blitt vanskelegare å bruke fordi fleire og fleire bankkort er utstyrt med såkalla mikrochip, seier han.

Banksjef ved DNB i Arendal, Per Johnsen, er på ferie, men har fått informasjon om det som har skjedd.

– Minibankane har innebygd eit system som skal trekkje pengane tilbake dersom dei ikkje blir tekne raskt. Men kundane må vere på vakt og ikkje gå frå minibanken dersom pengane ikkje kjem, seier han.

– Ikkje gå frå minibanken

DNB-rådgjevar Vidar Korsberg Dalsbø er klar overfor dei som blir ramma av minibanksvindel:

– Bli verande ved minibanken dersom pengane ikkje kjem som dei skal, og meld ifrå. Ikkje gå frå staden, seier han.

Også politiet oppfordrar bankkundar om det same.

– Når folk brukar minibank og ikkje får pengar anbefaler eg å ta kontakt med politiet, seier Ingrid Mæhre i Agder-politiet.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,2 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %