Hopp til innhold

Patruljerer i skogbrannområde

Tre dagar etter skogbrannen på grensa mellom Flekkefjord og Kvinesdal er brannvesenet framleis i området.

Skogbrann Kvinesdal/Flekkefjord

SKOGBRANN: Brannvesenet følgjer nøye med på situasjonen i skogbrannområdet på Sørlandet.

Foto: Kai Stokkeland/NRK

Skogbrann i Kvinesdal

BRANN: Det brann skikkeleg fleire stader i Kvinesdal/Flekkefjord-området.

Foto: Kai Stokkeland/NRK

To personar held oppsikt på stadene der nesten 2000 mål har brent på grensa mellom dei to kommunane.

Skal opp i lufta

Onsdag skal truleg eit fly frå Kjevik flyklubb fly over skogområda.

Søndag ettermiddag vart det sett inn helikopter i sløkkjingsarbeidet. Sløkkjingsarbeidet var særs vanskeleg på grunn av ulendt terreng og skiftande vindretning.

– Det var skremmande å sjå når dei store flammane tek tak i dei kjempestore trea, seier lesaren.

Søndag kveld kom det ei skikkeleg regnbyge i området, som gjorde at brannvesenet til slutt fekk kontroll over skogbrannen.

Video 4da8993e-ea10-4021-b45c-eef0b688c326.jpg

VIDEO: Sjå video frå skogbrannen.

Ettersløkkjing

Måndag dreiv brannvesenet og sivilforsvaret ettersløkkjing etter brannen. 20 personar deltok måndag i ettersløkkjinga.

Skogbrannen starta truleg som følgje av bråtebrenning. Brannsjefen i området er klar på at det er galskap.

– På nytt må eg åtvare folk mot at det er frykteleg tørt. Vi har hatt brennar som har starta med ein gneist. Det er nok med ein sigarettsneip i terrenget. Så er det full fyr, sa brannsjef Jon Inge Aasen til NRK.no søndag.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

en person som sitter på et skrivebord

Vedtatt: 15 av 28 tannklinikker legges ned i Agder: – Snart har vi ikke flere tilbud igjen

Utenfor apoteket der drapet skjedde

Nekter fortsatt straffskyld etter apotekdrapet

Vei og gangfelt

Jente påkjørt i fotgjengerfelt

lekestativ

Unge topper fraværsstatistikken i barnehager

Spilles av
Her får hummeren et kyss: – Fantastisk
Neste
Thor Husovd i blå skjorte

Avslører etter Uno-X-bragda: – Nå vil store stjerner hit

tre personer som står i en hage

Død person funnet i brannruiner