Hopp til innhold

Klistermerker skal redde Donn

Toppserieklubben Donn står i fare for å gå konkurs. No skal fotballjentene sjølve blant anna selje klistermerker, med teksten «Vi støtter Donn-jentene», for å redde klubben. Det vart avgjort på eit møte måndag kveld.

Donn

KJEMPAR FOR KLUBBEN: Donn-jentene står samla i kampen om å redde klubben frå konkurs. Toppserieklubben kan trenge opp mot 500 000 kroner for å hindre degradering.

Foto: Donn

Gro Ingvardsen Donn - Una Nwajei Amazon Grimstad

KJEMPAR: Donn-kaptein Gro Ingvardsen (t.v) nektar å stå å sjå på at klubben blir degradert på grunn av økonomi.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Vi skal jobbe til blodsmaken står i munnen på oss både på og utanfor bana. Det er uaktuelt at økonomien skal øydeleggje for oss, seier Donn-kaptein Gro Ingvardsen til NRK.no.

I tillegg skal klubben lage ein kalendar i løpet av hausten. Også andre inntektskjelder vil bli vurdert.

Opp mot ein halv million

NRK kjenner til at fotballklubben må ha ein stad mellom 300 000 og 500 000 kroner for å få spele i Toppserien også neste år. Både trenaren og assistent-trenaren har sagt opp.

LES OGSÅ: Donn kan bli degradert

– Vi vil gjere ein innsats for kvarandre, for alle som har jobba så sinnsjukt hardt for oss i år, og alle som har trua på oss. Vi er tross alt eit av laga som har klart å rykkje opp og etablere oss nokolunde, det er riktignok fem kampar att, men det ser bra ut med tanke på at vi skal klare oss, seier kapteinen.

Fotballforbundet har blant anna bestemt seg for å kutte 16,5 million kroner i støtte til toppserieklubbane. Det betyr eit kutt i støtta på éin million kroner over dei neste to åra til kvar av klubbane. Det gjer at fleire klubbar står i fare for å gå konkurs.

Donn ligg på 9. plass ni poeng føre Linderud Grei på nedrykksplass så langt.

Donn

STÅR SAMLA: Donn nektar å gje opp kampen. No skal laget selje klistremerker for å skaffe pengar til klubben.

Foto: Sander Heggheim / NRK

– Ein draum for oss

– Dette er ein draum jentene har hatt i mange år, og ikkje pokker om økonomien skal øydeleggje for oss. Om det er noko som skal øydelegge for oss er det at vi ikkje er gode nok sportsleg, seier ho.

Donn-jentene skal selje klistremerker til både bedrifter og privatpersonar. Dei vil selje tre merker i tre ulike storleikar til prisane 5000 kroner, 3000 kroner og 250 kroner.

LES OGSÅ: – Klubber vil gå konkurs

– Eg håpar folk ser at vi er i ein veldig vanskeleg situasjon. Økonomien er veldig dårleg og vi slit, men likevel gjer vi ikkje opp. Vi står på og viser folk at det skal meir til for å slå oss ned, seier Ingvardsen.

I helga tapte laget 1-2 på heimebane mot Røa. I neste serierunde står Kolbotn på motsett banehalvdel.

Kamplyst

– Eg trur faktisk at jentene får ei fandenvolsk innstilling og tenkjer at vi skal pokker meg vise at vi jenter kan klare dette. No er vi nesten berre jenter, vi har tre menn med oss. Vi jentene skal vise at vi kan klare dette. Vi skal klare dette som eit lag, seier Donn-kapteinen.

Ho er klar på at klubben ikkje skal bli degradert som følgje av økonomien.

– Det skal ikkje skje. Det kjem ikkje til å skje. Det er uaktuelt. Med den innsatsen jentene har lagt ned både på og utanfor bana skal ikkje det skje. Her er det kamplyst både på og utanfor bana, seier ho.

– Eg tykkjer synd i dei laga som skal møte Donn no mot slutten av sesongen. For det kjem til å vere sinnsjukt med energi på bana. Her er vi kamplystne på alle plan, avsluttar kapteinen.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %