Hopp til innhold

Ba om fem år og seks månader fengsel for politidrapet i Grimstad

Aktor la ned påstand om fem år og seks månader ubetinga fengsel for arendalsmannen som står tiltalt for å ha køyrt ned og drepe politimann Børge Ivarsen.

Statsadvokat Jostein Johannessen

PROSEDYRER: Statsadvokat Jostein Johannessen ba om fem år og seks månaders fengsel etter politidrapet i Grimstad i mars.

Foto: Espen Bierud / NRK

Det kom fram under prosedyrene i Aust-Agder Tingrett torsdag.

– Det er ingen tvil om at tiltalte har køyrt uaktsomt som det held frå forfølgelsen starta, sa aktor Jostein Johannessen.

Aktor vil gje strafferabatt på seks månader i saka.

3. mars rana 28-åringen til seg ein bil då han truga den kvinnelege bileigaren med kniv. Episoden skjedde i eit parkeringshus i Drammen. Det var denne bilen tiltalte køyrde når han køyrde ned Børge Ivarsen utanfor Grimstad 4. mars.

– Såg at vegen var stengd

– Det er uaktsom køyring heile vegen. Tiltalte kunne ha stoppa når han kom ut av tunnelen før han kom til politisperringa. Han såg at vegen var stengt, seier aktor Jostein Johannessen.

– På eit tidspunkt såg han ei opning. Han prøvde alt han kunne for å komme gjennom, seier aktor.

Det er uklart kor høg fart 28-åringen hadde når han køyrde på politimannen.

Sprang i døden

– Farten veit vi ikkje nøyaktig, men vi veit at det hart gått særs fort. Bremsa han? Eg veit ikkje. Har han sluppe gassen? Det veit eg heller ikkje noko om. Men vi veit at han har hatt stor fart inn mot politikontrollen, sa aktor.

– Ivarsen måtte ta eit val i løpet av tidelar. Han hadde rundt sju meter å bevege seg på. Han søkte tilflukt utanfor vegen og vart truffe 30 centimeter utanfor vegen. Han sprang inn i døden, og er overhovudet ikkje skuld i dette sjølv, sa aktor.

– Han stakk frå staden, og må ha skjønt at han har køyrt ned Ivarsen. Han unnlot å stoppe og hjelpe til etter ulykka, sa Johannessen.

28-åringen er tidlegare dømd for blant anna vald, dokumentfalsk, fleire tilfelle av promillekøyring og køyring - trass i at han aldri har hatt gyldig førarkort.

Dømd første gang i 2000

I tillegg er han tidlegare dømd for biltjuveri. Mannen vart første gang dømd i år 2000.

Det var 4. mars i år at politimannen Børge Ivarsen vart køyrt ned under ei biljakt i Grimstad. Ivarsen etterlot seg kone og tre barn.

Det har tidlegare komme fram i Aust-Agder Tingrett at tiltalte 28-åringen var rusa på metamfetamin, og ikkje alkohol, valium og hasj, som han sjølv hevda.

LES OGSÅ: – Han var ein av våre dyktigaste
LES OGSÅ: – En forferdelig tragedie

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %