Hopp til innhold

Fillo klar for Viktoria Plzen

Det er nå klart at Vikings Martin Fillo returnerer til sin gamle tsjekkiske klubb, Viktoria Plzen. Dermed kan det henda at lokale unggutar får sleppa til.

Martin Fillo

Martin Fillo har vore i Viking sidan 2008-sesongen.

Foto: Daniel Bjur / NRK

Det har vore klart ei stund at Martin Fillo har ønska seg til bake til klubben han kom frå før 2008 sesongen. Og måndag ettermiddag kan altså Viking stadfesta at dei nå er samde med Viktoria Plzen om ein overgangsavtale.

Dyraste spelaren

Når Viking kjøpte Fillo i 2008 for åtte millionar kroner var han den dyraste spelaren klubben nokon sinne hadde kjøpt. Sportssjef i Viking, Egil Østenstad vil ikkje kommentera om dei har tapt mykje på spelaren.

– Det er ein avtale med fleire element enn berre overgangssummen, me har til dømes framleis rettigheitar i Fillo om han blir solgt frå Tsjekkia, seier Østenstad.

Han seier at Fillo har vore ein bra spelar for Viking, men totalt sett har han skuffa. Fillo har laga 22 mål for Viking og spelt 108 kampar for klubben.

Unge erstattarar

– Me hadde nok både trodd og håpa på at han skulle prestera endå betre, og det er ikkje tvil om at me hadde ønskja å selja han til ein større klubb enn Plzen når han skulle seljast, seier Østenstad.

Tidlegare har sportssjefen sagt at dei vil leita etter erstattar til Fillo i Vikings eigen tropp.

Det kan bety at Vikings 17 år gamle Valon Berisha eller Yann-Erik de Lanlay får oppgåva med å erstatta tsjekkaren.