Hopp til innhold

Sauda er isolert

Hovudvegen inn til Sauda kan tidlegast opna tysdag. Dei omlag 5000 innbyggjarane frå Sauda har nå verken båt- eller vegforbinding med omverda.

Svandalsfossen over sine bredder

En propp med is og snø i terrenget ovenfor Svandalsfossen i Sauda fører til at FV 520 er stengt på stedet.

Foto: Jonas Rød

Laura Seltveit

Ordførar i Sauda, Laura Seltveit, seier at det ikkje er noko dramatisk i situasjonen så lengje det er godt «helikoptervêr».

Foto: NRK

– Heile beredskapen i kommunen er varsla, seier ordførar i Sauda Laura Seltveit.

Ho seier at så lenge det er gode forhold for helikopter er det lite dramatikk i situasjonen, sidan Sauda har brannmannskap og lokalsjukehus.

Fare for flaum

Det er Fylkesveg 520 til Sauda som i ettermiddag blei stengt på grunn av ein propp av is og snø i Svandalsfossen.

– Statens Vegvesen fryktar at proppen skal losna og føra til at vegen flaumar over med vatn, seier operasjonsleiar i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt, Svein Roald Vikse.

Vegen blei derfor i ettermiddag stengt.

Tidlegast opning tysdag

– Etter at geologar har vore på staden har Vegvesenet avgjort at vegen ikkje kan opnast før tidlegast tysdag, seier, seier Vikse.

Sidan fjorden er frossen er det heller ikkje mogleg for hurtigbåten å koma seg inn til bygda.

Når lyset kjem vil situasjonen i Sauda bli vurdert av Vegvesenet.

Meir frå vegane på Vestlandet:

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.