Hopp til innhold

Foreldre får ikkje lov å sykla til skulen med barna

Foreldre ved Auglend barneskole i Stavanger vil sykla til skulen med barna alt frå første klasse, men får ikkje lov. Regelverket seier at barna må venta til 5. klasse før dei syklar til skulen.

Barn på sykkel

Fleire reagerer på regelverket som seier at barn må gå i 5. klasse før dei får lov til å sykla til skulen. Illustrasjonsbilete.

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

– Det kan godt vera reglane bør diskuterast på ny. Sykkelkulturen i dag er annleis enn i 1975, seier rektor Ingunn Folgerø ved Auglend barneskole.

Regelverket kan verka som eit stort paradoks. For som foreldre kan ein sykla saman med barna til barnehagen.

Men når poden tar til på skulen er det slutt. Dei yngste skuleelevane får ikkje lov å sykla saman med foreldra til skulen.

Må nekta elevar å sykla

Først når elevane er 10 år og går i 5. klasse kan dei sykla sjølv, heilt uavhengig av både trafikk, mørke, avstand og vegforhold. Slik har regelverket vore praktisert i fleire tiår.

– Me har foreldre som har lyst å sykla med ungane alt frå 1. klasse. Det kan me ikkje gi lov til. Årsaka er anbefalingane frå Trygg Trafikk om at dei yngste elevane ikkje er kompetente nok i trafikken, seier rektor Folgerø.

Les også: Her får politikarane sykkelsjokk

– For strenge reglar

Torfinn Ingeborgrud

Torfinn Ingeborgrud, Miljøpartiet De Grønne.

Foto: Ståle Frafjord

Syklistforkjempar og bystyrerepresentant for Miljøpartiet De Grønne i Stavanger, Torfinn Ingeborgrud, meiner dagens sykkelregelverk i skulen er for strengt.

– Mange barn syklar frå fireårsalderen og får god trening på sykkelsetet. Då er det rart at desse blir nekta å sykla når dei kjem opp i skulealder, seier han.

Og at barn får sykkeltrening i ung alder blir stadfesta av dei som sel syklar i butikkane. Andre Sjøstad i butikken Spinn på Hillevåg i Stavanger opplever at syklistane blir yngre og yngre.

– Min erfaring er at foreldre kjøper sykkel til barna i femårsalderen, før dei byrjar på skulen.

– Det betyr at dei er ganske erfarne på sykkelsetet i sju-åtteårsalderen?

– Ja, då er mange godt stødige på sykkelen. Dessutan er syklane betre i dag enn før. Det gjer at barna kan starta å sykla tidlegare utan støttehjul, seier Sjøstad.

Få sykkelulukker med barn

Biltrafikken har auka dramatisk sidan Trygg Trafikk kom med sine anbefalingar for fleire tiår sidan om at barn skal vera 10 år før dei ferdast åleine på sykkel til skulen.

Men ulukkesstatistikken viser at ingen syklistar i alderen 0–15 år blei hardt skadd i Rogaland i fjor. To barn under fem år blei lettare skadde på sykkel, og 23 barn og unge i alderen 6–15 år er registrert lettare skadde på grunn av sykling i 2011.

Fleire blei lettare skadde som passasjerar i bil enn som syklist. Eit paradoks – for foreldre vel heller å køyra ungane til skulen når barna ikkje kan sykla sjølv.

– Mange køyrer elevane til skulen. Dette aukar når det blir mørkare og meir regn på seinhausten, seier rektor Ingunn Folgerø.