Hopp til innhold

Her får politikarane sykkelsjokk

I København syklar menn i dress og kvinner i skjørt. Stavanger har noko å læra, meiner politikarane.

Egil Olsen

Egil Olsen i kommunalstyret for miljø- og utbygging vil legga til rette for auka sykkelbruk i Stavanger, slik som her i København.

Foto: Ståle Frafjord

Stavangerpolitikarane fekk sykkelsjokk då dei drog på studietur til København i helga.

Kondomdressar, hjelmar og gule vestar var knapt å sjå i bygatene. Treningsantrekk var byta med dress og skjørt – og sportssyklane var byta med mødrer og fedrar på familiesyklar.

– Samanlikna med Stavanger er dette ei anna verd. Her dusjar ikkje dei som syklar til jobb. Folk syklar i eit tempo som gjer at dei berre blir varme, ikkje sveitte, seier leiar for kommunalstyret for miljø- og utbygging, Egil Olsen.

(Artikkelen held fram under bilete).

sykkelsjokk

I København er det heilt vanleg at folk syklar utan treningsklede – til og med i dress og skjørt.

Foto: Ståle Frafjord

Les også: Menn kjøper syklar dei ikkje brukar

35 prosent syklar dagleg

Saman med resten av kommunalstyret fekk Olsen seg eit skikkeleg sykkel-kultursjokk i helga.

– I København bruker ikkje folk hjelm. Alle køyrer i same fart, uansett korleis dei er kledd. Alt er lagt til rette for ein fart på om lag 15 km/t.

35 prosent av innbyggarane i den danske hovudstaden bruker sykkelen dagleg til jobb og skule, berre 29 prosent bruker bilen.

Torfinn Ingeborgrud

Torfinn Ingeborgrud.

Foto: Ståle Frafjord

Alle trafikklys er lagt opp etter syklistane sin fart. Bilvegar er smala inn til fordel for breiare sykkelvegar. Jamvel eigne sykkelbutlarar er tilsett for å plassera feilparkerte syklar i stativ og smøra kjettingane med olje.

Les også: – Denne sammenleggbare el-sykkelen er en revolusjon

Vil bli verdas beste sykkelby

Den københavnske sykkelpolitikken er ikkje tilfeldig. Byen tar nemleg mål av seg om å bli verdas beste sykkelby.

– For dei fleste i Købenvan er sykkelen det viktigaste transportmiddelet for å ta seg fram, seier Marie Brandum Bay i Københavns sykkelsekretariat.

Kari Smådal Turøy

Kari Smådal Turøy.

Foto: Ståle Frafjord

Torfinn Ingeborgrud frå Miljøpartiet De Grønne erkjenner at ein i Stavanger og Norge ikkje har kome så langt når det gjeld å få opp talet på syklande til jobb og skule.

– Faktisk har andelen syklande i mange norske byar gått litt ned. I København snakkar ein om sykling som transport, ikkje som sport, seier sykkelforkjemparen.

Les også: Skal oppdra kjørelærere på sykkel

– Sykkelen må bestemma

Seksjonsleiar Kari Smådal Turøy i Stavanger kommune har ansvaret for å få opp sykkelbruken i oljebyen. Ho vil gjera det meir praktisk å vera syklist i Stavanger.

– Eg trur det er viktig at syklistane føler seg prioritert som trafikantgruppe. At dei ikkje berre må tilpasse seg alle andre, utan eigne rettar, seier ho.

Egil Olsen i kommunalstyret for miljø- og utbygging trur det må kraftigare lut til.

– Me må gjera som i København; laga eigne plassar der syklistane kan køyra og legga til rette for sykkelbruk. Då er det til slutt sykkelen som bestemmer, seier han.

sykkelvogn

Sykkelvogner er eit vanleg syn i København.

Foto: Ståle Frafjord