Hopp til innhold

Lar seg ikkje knekkja

Trass drapstrugslar på sms og refs frå Mattilsynet nektar styreleiaren i Norges Pelsdyravlslag Bertran Trane Skadsem å la seg knekkja. Han held fram i stillinga si og melder drapstrugslane til politiet.

Bertran Trane Skadsem

- Eg har fått meldingar som er av den verst tenkelege sorten, seier Styreleiaren i Norges Pelsdyravlslag Bertran Trane Skadsem.

Foto: Lien, Kyrre / Scanpix

Skadd mink i bur

Denne minken på styreleiarens pelsdyrfarm hadde skadar i hovudet. Den var eitt av flere dyr i bur med skadar.

Foto: NRK

Styreleiaren i Norges Pelsdyravlslag, Trane Skadsem, har motteke fleire drapstrugslar etter at Mattilsynet gjorde kritikkverdige funn på pelsdyrfarmen hans på Jæren i Rogaland.

Venta reaksjonar

– Når dette fokuset kom hadde eg forventa at det ville meldingar av denne typen, men det er sterkt å få dei likevel, seier pelsdyrbonden til NRK.no.

Han seier at han vil retta seg etter dei påboda han har fått frå Mattilsynet etter dei var på eit tilsyn på garden hans som ikkje var varsla tidlegare i veka. Dei fann 13 minkar med gamle sår.

– Dei fann omlag eitt dyr per tusen dyr som hadde sår på seg, seier Trane Skadsem.

Tar sjølvkritikk

Som leiar i Norges Pelsdyravlslag er det mange som har meint at desse funna er ekstra uheldige, men Trane Skadsem nektar å gje seg av den grunn.

Han seier at han sjølvsagt tar sjølvkritikk for funna Mattilsynet gjorde, og at han vil innarbeida nye rutinar.

– Er det mogleg i denne næringa å unngå skadar?

I pelsdyrhushaldet som i andre husdyrhald vil det vera skadar og sjuke dyr, men det er eigar sitt ansvar å passa på dei.

Enkelte i pelsdyrnæringa har kome med kritikk mot Trane Skadsem som styreleiar men han vil ikkje gje seg.

– Får støtte

– Slik eg opplever det har eg brei støtte i pelsdyrnæringa og vil derfor ikkje trekka meg.

Og i mens NRK snakkar med han tikkar det inn ei melding på mobilen hans kor det står «Stå på!»

– Det varmar godt å få inn slike støtteerklæringar i denne perioden seier han.

Har tru på framtida

Var det klokt av deg å gå så hardt ut som du gjorde etter det kom ut fleire kritikkverdige bilete for to helger sidan?

– Eg sa at verstingane i bransjen må bli luka ut og det står eg framleis ved. Me må ta avstand frå det som blei vist i media, så må me bretta ermane opp og gjera det som er naudsynt.

Bertran Trane Skadsem har framleis tru på at pelsdyrnæringa har ei framtid i Norge.