Hopp til innhold

Stavanger-patriotar vil utvida kommunegrensene

– Stavanger kommune går i dass dersom den ikkje slår seg saman med nabokommunane, meiner Per Inge Torkelsen (V).

Per Inge Torkelsen

Per Inge Torkelsen (V) meiner noko må skje med kommunestrukturen på Nord-Jæren.

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

Folkeveksten i Stavanger held fram. I juli passerte kommunen 125.000 innbyggarar. Ein rapport frå Stavanger kommune viser at folketalet i år 2025 kan bli 150.000.

Men med få tomter til både bustadar og næringsbygg, meiner fleire sentrale bypatriotar at Stavanger nå må utvida bygrensene.

– Kommunesamanslåing blir nesten eit nødvendig onde dersom forskarar og politikarar har rett i at kommunar i dag må veksa seg større. I så fall må Sandnes leggast ned, seier bystyrerepresentant Torkelsen.

Les også: Kan få gigant-kommune i Ryfylke

Nye bydelar

Terje Vareberg

Administrerande direktør i SR-Bank, Terje Vareberg.

Foto: Åse Karin Hansen / NRK

Byhistorikar og seniorrådgivar hos Riksarkivaren, Hans Eyvind Næss, meiner dei framtidige bydelane i Stavanger kjem til å heite Finnøy, Strand, Randaberg og Sandnes.

– Spørsmålet er kva ein skal gjera når det ikkje er meir bu- og næringsareal igjen i Stavanger. Noko må snart skje, meiner han.

Administreande direktør i SpareBank 1 SR-Bank, Terje Vareberg, trur Strandalandet kjem til å bli den viktigaste bydelen i den nye storbyen etter at Ryfast er bygd.

– Eg trur uansett ein heiskapleg utbygging i regionen tvingar fram endringar, uansett korleis ein ser på det, seier han.

Les også: – Samarbeid mellom kommunar trugar lokaldemokratiet

– Må samarbeida betre

Arkitektpsykolog Oddvar Skjæveland frå Sandnes er mindre oppteken av kommunesamanslåing. Uansett meiner han kommunane må samarbeida meir enn i dag.

– Det er uheldig dersom kommunane på Nord-Jæren arbeider for seg sjølv. Dei må heilt klart bli synkroniserte betre enn i dag. Alle planar i Stavanger eller Sandnes får konsekvensar for nabokommunen.

Bør kommunane på Nord-Jæren slå seg saman? Skriv kva du meiner i debattfeltet under.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.