Hopp til innhold

Nå rasar debatten om eliteskular

Dyktige elevar i matte og fysikk kan få eigne eliteskular i Rogaland. Utdanningsforbundet er overraska og skeptiske.

Eliteskule

Dei beste elevane kan få eigne klassar på den vidaregåande skulen.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Erlend Jordal (Høyre)

FOR: Det var Høgrepolitikaren Erlend Jordal som kom med forslaget om toppgymnas for realfag.

Foto: Rogaland Høyre
Sigrunn Håland

MOT: Leiar for Utdanningsforbundet i Rogaland Sigrunn Håland, meiner at også lærarane vil forsvinne til eliteklassane.

Foto: Utdanningsforbundet

– Kvifor skal ikkje talentar i realfag få eigne tilbod når dette allereie finnes for idrettstalent og musikktalent?

Det er spørsmålet leiar i Stavanger Høgre, Erlend Jordal, spør om når dei møter motstand hjå Utdanningsforbundet.

Leiar for Utdanningsforbundet i Rogaland, Sigrunn Håland, på si side meiner at toppgymnas for realfagstalent kan gå utover andre elevar.

Kva meiner du? Sei meininga di nedst i artikkelen.

To eliteskular

Det er ved Vardafjell i Haugesund og St. Olav i Stavanger dei kanskje vil oppretta linjer frå neste år der elevane får driva med sjølvstendig forsking hos bedrifter eller universitet.

– Det er mange elevar som treng å bli betre i mattematikk, og me meiner at alle elevane skal få eit godt tilbod, seier Håland frå Utdanningsforbundet.

Ho fryktar at om dette blir ei vanleg ordning vil dei gode lærarane forsvinna vekk frå dei andre klassane.

– Dette vil danna A og B lag, seier ho.

Skal vera lov å vera god

– Når Gro Harlem Brundtland sa at det er typisk norsk å vera god tenkte ho på idrettstalenta, det må også vera lov å vera god i realfag, seier Jordal frå Høgre som kom med forslaget.

Han slit med å sjå den prinsipielle skilnaden på idrett og realfag.

Elevar positive

Elevar NRK har vore i kontakt med på St. Olav er positive til ordninga.

– Dårlege elevar dreg ned dei gode elevane, fordi lærarane prioriterar å hjelpa dei dårlege seier Kjetil Pettersen.

Sjå kva fleire elevar meiner om ordninga i TV-saka under.

Video Eliteklasser for matte-talenter

Frå neste skuleår kan dei flinkaste elevane i matenatikk bli samla i eigne klassar i Haugesund og i Stavanger. Høgre foreslår å oppretta talentlinjer på videregående skule for dei som er spesielt interesserte.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.