Hopp til innhold

− Skjebnen til fem nordmenn er framleis uavklart

Helge Lund kunne i ein pressekonferanse i kveld fortelja at ytterlegare ein Statoil-tilsett er i tryggleik. Situasjonen for dei fem andre er framleis uavklart.

Statoils konsernsjef bekrefter at ytterligere en nordmann er i sikkerhet lørdag kveld.

►SJÅ VIDEO: Lund held pressekonferanse og fortel at nok ein nordmann er i tryggleik.

Laurdag ettermiddag blei det klart at gisselsituasjonen i In Amenas er avslutta. Situasjonen for seks nordmenn var då framleis ukjent.

I pressekonferansen til Statoil klokka 19.45 kunne konsernsjef, Helge Lund, fortelja at ytterlegare ein var i tryggleik.

– Det betyr at situasjonen framleis er uavklart for fem Statoil-tilsette i In Amenas, sa Lund.

Djup og aukande uro

– Me må bera håpet med oss, men me må også vera førebudde på dårleg nytt, sa den alvorstyngde konsernsjefen.

Han sa at dei nå kjenner ei djup og aukande uro for desse fem.

– Me jobbar for fullt for å skaffa informasjon og få hjelp fram til desse fem, sa Lund vidare.

Beredskapsorganisasjonen til Statoil i Algerie og på Forus samarbeider med norske og internasjonale styresmakter og selskap med å saumfara sjukehus i Alger og andre byar, opplyser han.

– Talet på skadde er stort og situasjonen er uoversiktleg. Det blir også gjort ein stor jobb i In Amenas med å få oversikt på bakken.

Intervjua på TV

Frigitt nordmann i In Amenas

Dette er den Statoil-tilsette nordmannen som laurdag ettermiddag kom seg i tryggleik.

Foto: LOUAFI LARBI / Reuters

Nyheitsbyrået Reuters sendte laurdag kveld ut eit intervju med det som skal vera ein av dei norske overlevande etter gisseldramaet i Algerie.

Dette er den siste nordmannen, som Statoil har fått vite er i tryggleik, sa Lund på pressekonferansen.

Dermed er 12 av dei 17 Statoil-tilsette som var ved gassanlegget då gisselsituasjonen oppstod nå i tryggleik.

Lund åtvara likevel mot informasjonen som framleis kjem frå mange hald.

– Rykta er framleis mange og det er mange ulike spekulasjonar, sa konsernsjefen.

– Terrorisme av verste sort

Den tydeleg prega Statoil-sjefen nytta også høvet til å fordømma det som har skjedd på anlegget deira i Algerie.

– Dette er brutal internasjonal terrorisme av verste sort. Grufulle handlingar utført av omsynslause terroristar har skapt ein internasjonale tragedie.

Han seier at tankane deira går ut til alle dei råka, uansett nasjonalitet og selskapet dei jobbar for.

– Dette rammar uskuldige folk frå ei rekke nasjonar; Algerie, Japan, England, USA, Canada, Irland, Norge og fleire. Uskuldige offer frå Statoil, BP og Sonatrach og andre selskap er utsett for omsynslaus og meiningslaus vald.

– Eg kjenner eit ansvar

– Eg har i dag møtt dei første medarbeidarane som har kome heim frå In Amenas, fortalte Lund.

Han seier at dei fortel om opplevingar som er så ekstreme at det er vanskeleg å forstå korleis nokon kan gjera dette

– Dei eg har snakka med er sjølvsagt glade for å vera i live, og tilbake med sine kjære. Dei vil likevel bera med seg dette for resten av livet.

Han seier at både han og resten av Statoil kjenner eit stort ansvar for å stilla opp for dei som er ramma.

– Me må førebu oss på at det kan ta tid å få svar, me går derfor vanskelege timar og dagar i møte.