Hopp til innhold

Cindy tok til seg revekvalp

Revekvalpen var rekna som død av oppdrettaren. No er han i fin form, takka vere Linda Steen og huskyen Cindy.

Rev adoptert av hund

STOR FAMILIE: Linda Steen og hundane Cindy og Chiquita tek godt vare på revekvalpen. Sjå video av dyrefamilien.

Den tre månadar gamle sølvreven Lucky Me svinsar utolmodig rundt føtene til Linda Steen, og rykker i det kvite bandet. Adoptivmor Cindy følgjer nøye med, og slikkar han forsiktig på hovudet. Huskyen har grunn til å vere på vakt, for det såg lenge mørkt ut for den vesle krabaten.

Sølvreven Lucky Me

HELDIG: Revekvalpen har fått namnet Lucky Me.

Foto: Mari Langva / NRK

Oppdrettsrev

Linda Steen leiger leiligheit hos ein reveoppdrettar på Byåsen i Trondheim. Då ho fekk vite at ei revemor hadde byrja å drepe ungane sine, tok ho til seg dei to kvalpane som enno var i live.

– Dei var tre veker gamle. Den eine døydde, og vi var veldig i tvil om han her kom til å klare seg. Han var nesten ihelbitt, og hadde store sår i buken. Oppdrettaren rekna han som død, seier Steen.

I dag spring han energisk rundt saman med leikekameraten Chiquita. Mopsen lograr kraftig i møtet med den eksotiske kompisen, som no er blitt tre månadar gammal. Lucky Me er i live takka vere god timing og kjærleg omsorg.

– Han skal aldri bli pels! slår Steen fast.

Husky vart adoptivmamma

Medan revekvalpen kjempa for livet i pelsoppdrettet, gjekk huskyen Cindy rundt med eit tilsynelatande ønske om å bli mor. Ho har nemleg innbilt svangerskap kvar gong ho har løpetid.

– Det har skjedd at ho har kome inn med kattungar i kjeften, og trudd at det er hennar ungar, fortel Steen.

Akkurat når Lucky Me trengte ei ny mor, var naboen Cindy dermed klar med melk i jura. Steen la kvalpen inntil huskytispa, og han starta å drikke.

– Ho tok han raskt til seg, og passa på han. Då eg skjønte at han kom til å klare seg vart eg kjempeglad, seier Steen.

Cindy er blitt mamma til sølvreven Lucky Me

FÅR MAT: Her er revekvalpen berre tre veker gammal, og overlever takka vere melka frå huskyen Cindy.

Foto: Linda Steen

– Som ein hund

I dag går ho tur med reven saman med dei to hundane, og er ikkje i tvil om at Lucky Me er teken inn i varmen for godt.

– Eg har allereie blitt glad i han. Han er tam, og skal dresserast akkurat som ein hund, seier Steen, men innrømmer at «sølvhunden» får ekstra merksemd når dei går tur.

– Det er mange som stoppar og spør om dei kan helse på han. Det er artig å ha ein rev, seier dyreelskaren.

Ho seier det er uaktuelt å sleppe reven fri, fordi han allereie er så tam.

– Det einaste problemet er at han uler frå revegarden om natta, ler ho.

Linda Steen og sølvreven Lucky Me

DYREVENN: Steen tek gjerne til seg fleire revekvalpar i framtida.

Foto: Mari Langva / NRK

Vil redde fleire

Steen klappar det sølvgrå hovudet omsorgsfullt, men Lucky Me har ikkje tid til å sitte stille. Han luktar nysgjerrig på alle busker og steinar han ser, tuslar bort til Chiquita for litt leikeslåsting, og surrar bandet rundt føtene til matmora på vegen.

– Han er i fin form no, og er både kosete og stuerein, seier Steen.

Ho vil gjerne redde fleire kvalpar i framtida, og er ikkje redd for at omsorgen kan bli for omfattande.

– Det kan godt hende vi tek til oss fleire kvalpar neste sommar, for det er då Cindy får innbilt svangerskap, fortel Steen.

Lucky Me og adoptivmamma Cindy

MOR OG SON: Cindy passar på revekvalpen som om den var hennar eigen.

Foto: Mari Langva / NRK