Hopp til innhold

Trenar hundar med radiostyrt bjørn

Utstoppa bjørn med radiostyring og bjørnelukt skal teste reaksjonen til hundane.

Hund og fjernstyrt bjørn

SKEPTISK: Jakthunden Zeta er ikkje heilt trygg på den utstoppa bjørnen.

Foto: Juliet Landrø / NRK

Jakthunden Zeta skuler skeptisk på ein utstoppa bjørn på Forsvaret sitt område på Lade i Trondheim. Med radiostyring kan Sten-Åke Rönnqvist få bjørnen opp i stor fart. Målet er å sjekke reaksjonen til jakthundar.

Fjernstyrt bjørn

FJERNSTYRT: Sten-Åke Rönnqvist sit med fjernkontrollen.

Foto: Juliet Landrø / NRK

Lukt, lyd og rørsle

Bjørnen står på hjul, slik at den kan styrast med ein fjernkontroll. Ved hjelp av blant anna bjørneskit frå ein dyrepark, luktar den utstoppa bjørnen som ein levande bjørn, og det kjem til og med bjørnelyd frå den store bamsen.

– Det vi sjekkar er korleis hundane reagerer på bjørnen. Nokre blir aggressive, andre vil stikke av, seier Sten-Åke Rönnqvist, som sit med fjernkontrollen under hundetesten.

Trener til bjørnejakt

Kurset er blitt aktuelt etter det vart opna for lisensjakt på bjørn, og arrangør Jørn Hagemo frå ABC Fritid er positiv.

– Dette er den beste måten å teste psyken til hunden og sjå korleis den vil oppføre seg i ein eventuell jaktsituasjon, seier Hagemo.

Helst skal hunden bjeffe rundt for få bjørnen til å stå stille, men Hagemo fortel at hundane reagerer heilt annleis på bjørn i forhold til elg.

– Villsvina kjem

I tillegg til bjørnen har Sten-Åke Rönnqvist med seg eit digert villsvin, som også er radiostyrt. Jørn Hagemo meiner det er nyttig å trene opp hundane også til villsvinjakt.

– I Sør-Sverige er det ei eksplosiv utvikling av villsvinbestanden, og den har også kome over til Noreg. Dei nærmar seg Trøndelag, seier Hagemo.

I kveld får dei altså dei rundt 25 påmelde hundane jakte både bjørn og villsvin.

Fjernstyrt villsvin

VILLSVIN: Rönnqvist har også eit fjernstyrt villsvin.

Foto: Juliet Landrø / NRK