|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Kjende personar i Bremanger og Vågsøy: Pelsdyrpionér Ole M. TotlandOle M. Totland (1871–1967) frå Bryggja var ein av pionérane i norsk pelsdyroppdrett. I 1910 starta han ein av dei første pelsdyr-farmane i Noreg på Marøyna ved Hornelen. Godtfred Fuglestrand frå Bjerkreim var den første ca. 1900. På Marøyna gjekk dyra fritt. Ole Totland reiste med motorbåt frå Bryggja for å fôre og halde tilsyn med dyra.
Publisert 01.03.2001 10:10. Oppdatert 17.04.2007 15:05.LYD OG VIDEO
Eigarane henta sjølv dei første dyra i Canada, der dei var fanga som villrev av pelsdyrjegrar. Totland stilte gard og grunn i pant for å prøve seg i den nye, men konjukturfølsomme pelsdyrbransjen.
Starta på BryggjaOljemangel under 1. verdskrig gjorde at han måtte innstille revefarmen på Marøyna, men starta seinare opp med stor revegard på Bryggja.
AksjeselskapI mellomkrigstida vart det m.a. på Bryggja og Maurstad starta aksjeselskap som dreiv revefarmar. Sølvrevane vart delvis fanga inn av pelsdyrjegrar i Canada, og eigarane stilte gard og grunn i pant.
| Annonse i Fjordenes Tidende mai 1926. |
Sjå også: Pelsdyravl i Naustdal.
Totland hadde før han starta revefarm, levd eit eventyrleg liv som pelsjeger Canada, og opplevde forlis på seljakt i Vestisen. Kring 1910 skaut han ein av dei siste bjørnane i Nordfjord i Skjerdalen i Hyen. Ole M. Totland er nær slekt til Gabriel Totland på Nordfjordeid.
SE OGSÅ
Siste saker:
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|