Omtalane er ordna etter fødselsår.
Albert Sverre Sivert Reinhardt Flataker
(1902–1944) frå Flatraket. Småbrukar og fiskar. Omkom saman med tre sambygdingar under linefiske vest for Kråkenes den 15. september 1944 då fiskebåten truleg gjekk på ei mine.
(1903-1976). Fødd i Oslo, oppvaksen i Selje og busett seinare på Åheim. Prest og Høgre-politikar.
Malvin Wilhelm Flataker
(1905–1944) frå Flatraket. Småbrukar og fiskar. Omkom saman med tre sambygdingar under linefiske vest for Kråkenes den 15. september 1944 då fiskebåten truleg gjekk på ei mine.
Karnot Johannes Brekke
(1906–1940) frå Selje. Sjømann og krigsseglar. Arbeidde som kokk på Grand Hotell i Oslo før han reiste til sjøs. Omkom den 25. januar 1940 då D/S ”Biarritz” sokk etter ein eksplosjon vest for Ymuiden i Nederland. Ein går ut frå at eksplosjonen skuldast ei krigshandling.
Arne P. Kjøde
(1908–1944) frå Kjøde. Maskinist og krigsseglar. Omkom då D/S ”Felix” krigsforliste på Folla den 11. februar 1944.
Paul Berstad
(1908-1993) frå Selje. Bonde og folkevisesongar. Tok vare på dei gamle folkevisene og sangmåten som han hadde lært av eldre i slekta. Var ei av dei viktigaste kjeldene i Nordfjord for folk som samla gamle folkeviser. Fekk den første Folkemusikkprisen for Sogn og Fjordane 1986.
Knut Myrstad
(1913-2001) i Selje. Krinssekretær i misjonsforeningar og politikar. Stortingsrepresentant for Kristeleg Folkeparti frå 1965 til 1977. Far til informasjonssjef Bjarne Myrstad i Fiskeridepartementet (sjå nede på sida).
Alfred Olaf Dankert Teigen
(1914–1942) frå Selje. Sjømann og krigsseglar. Drog til sjøs i 1934 og omkom då D/S ”Ingerfem” vart torpedert i Nord-Atlanteren på veg mellom Loch Eve og Halifax den 29. desember 1942.
Hjalmar Simon Karlot Sande
(1915–1943) frå Selje. Matros og krigsseglar. Omkom under 2. verdskrig då M/S ”India” kom bort på veg frå Talara i Peru til Sydney den 3. september 1943.
Otto Marius Teige
(1916–1944) frå Selje. Småbrukar, fiskar og soldat. Utdanna som målar ved Statens Håndverks- og kunstindustriskole. Deltok i krigsdagane 1940 som signalmann og observatør på Dombås og i Gudbrandsdalen. Arbeidde i Herøy då han den 3. mars 1944 vart drepen av ein gjenstand som hadde reke i land i fjøra.
Petter Hjalmar Eltvik
(1917–1942) frå Stadlandet. Kokk og krigsseglar. Var kokk ombord på M/T ”Kongsgaard” då skipet vart torpedert vest for Curacao 21. februar 1942, på veg frå Puerto la Cruz til Aruba.
John Normann Fløde
(1917–1944) fødd i Bergen, busett i Selje kommune. Medisin-student i Oslo då han vart arrestert under ein studentrazzia i 1943 og send til fangeleir i Tyskland. Døydde av tuberkulose den 7. desember 1944 på eit amerikansk militærsjukehus i Frankrike.
(1919–1986) frå Barmen. Fiskar, småbrukar og organisasjonsmann.
(1920-1994), frå Selje. Ein av dei fremste industribyggjarane i Sogn og Fjordane gjennom tidene.
(1921-1989), fødd i Oslo, oppvaksen i Selje. Professor i nordisk språk og litteratur, og samlar av folketonar og folkeminne.
Karstein Mathias Stokkevåg
(1921–1944) frå Stadlandet. Motorbåtførar. Omkom då det norske skipet ”Irma” ved eit mistak vart torpedert av norske MTB-ar på Hustadvika den 13. februar 1944.
Håkon Mathias Bjørlykke
(1923–1943), postekspeditør frå Selje, busett i Trondheim. Tok mellomskule og handelsgymnas og reiste som postekspeditør med hurtigsruteskipet ”St. Svithun” då det vart bomba og søkkt ved Ervik på Stad den 30. september 1943.
Reidar Jonn Drage
(1924–1946) frå Stadlandet. Gardsarbeidar og soldat. Omkom 15. april 1946 under arbeid med å rydde tysk ammunisjon på kystfortet Tangane ved Rugsund (sjå Bremanger kommune).
Leif Hove
f. 1924 på Stadlandet. Trearbeidar av yrke. Har gjort ein stor innsats i ulike tillitsverv i kristelege organisasjonar, særleg sundagsskule-arbeidet. Tildelt Kongens fortenestemedalje i sølv.
Ragnvald Berge
(1925-2002), forretningsmann og politikar og lokalhistorikar. Ordførar 1964–67, og mellom talrike offentlege verv m.a. styreformann i Ytre Fjordane Kraftlag og styreformann i Sparebanken Nordfjord.
Asbjørn Drageseth
f. 1930 frå Selje. Starta i 1946 saman med broren
Wald Drageseth:
Selje Skjortefabrikk, og i 1960
Selje Bruk A/S.
Ole Dagfinn Eide
(1928–1946) frå Selje. Fiskar. Omkom den 18. juli 1946 då han gjekk på ei landmine som låg att etter 2. verdskrig.
Asbjørn Drageseth
(1930–2005) frå Selje. Starta 1946 saman med broren
Wald Drageseth Selje Skjortefabrikk, og 1960
Selje Bruk A/S.
(1931-2006) frå Fure, busett på Leikanger. Kjøpmann og politikar for Høgre.
f. 1939 på Stadlandet. Busett i Leikanger. Arkitekt frå NTH i Trondheim og biletkunstnar.
f. 1941 i Trondheim. Busett i Selje. Biletkunstnar som har arbeidd mykje med religiøse kunstuttrykk og kyrkjekunst.
f. 1943 i Sogndal, busett i Selje. Hotelleigar.
f. 1943 på Stadlandet, busett i Førde. Entreprenør.
(1944-2003). Fødd i Innvik. Lærar, og politikar for Kristeleg Folkeparti.
Vigdis Wåge
(1945-2006). Frå Florø, busett i Selje. Tekstilkunstnar. Sjå
Kjell Stig Amdam.
Sverre Hoddevik
f. 1946 på Stadlandet. Tannlege og Høgre-politikar. Ordførar i Selje 1991–1997. Stortingsrepresentant 1997–2005.
(1946-2006). Grunnleggjar av AS Fiskevegn.
|
Åge Starheim |
f. 1946 på Stårheim, busett i Selje. Høgre- og FrP-politikar.
Bjarne Myrstad
f. 1948 i Selje. Journalist og informasjonssjef i Fiskeridepartementet sidan 1990. Redaktør Dag og Tid 1974-1979, Bergens Tidende 1983-1990. Har gjeve ut boka "Vestlandsfiske" (Det norske samlaget 1996). Son til Knut Myrstad (sjå denne lenger oppe på sida.)
Anders Lien
f. 1950 i Eid. Grunnla 1984 Selantic Industrier (sjå
Fabrikkar og produksjonsverkstader i Selje). Flytta seinare til Ågotnes i Hordaland.
f. 1950 i Selje. Prost i Sunnfjord og sokneprest i Førde frå 1992.
Nils Myklebust
f. 1952. Frå 2000 formann i Sogn og Fjordane Fiskarlag. (Son til
Nikolai Myklebust.)
Lars Barmen
f. 1962 på Barmøy. Meisterkokk og kjend som fjernsyns-kokk på NRK 1.