SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 

Kjende personar i Hornindal


Publisert 05.03.2001 22:17. Oppdatert 20.04.2007 10:59.

Kjende folkemusikarar er omtala her:
· Folkemusikarar frå Hornindal


Stortingsrepresentantar:

Knut R. Kirkhorn

Klokkar og bonde. 1880-1882, 1883-1885. (Sjå omtale nedanfor)

Kongevitjingar i Hornindal


Kjende personar i Hornindal fødde før år 1900
Kjende personar i Hornindal fødde etter år 1900:


Kåre Maurset

(1903-1988), lærar og politikar.

Olav Konrad Sætren

(1908–1943) frå Hornindal. Maskinist og krigsseglar. Utdanna på m.a. Statens Industriskule, og maskinistskule. Omkom då M/S ”Bonville” vart torpedert 10. mars i Atlanterhavet på veg frå New York til Mersey. Mannskapet gjekk i livbåtane, men fraus ihjel før dei vart funne.

Steffen Inge Gausemel

(1909-1940) frå Hornindal. Lærar og kunstmålar.
Ola O. Raftevold

Ola O. Raftevold

(1913–1999) Stod for stor utbyggjing av Raftevolds Hotel medan han var eigar. Formann i Nordfjord og Sunnmøre Billag, og mykje nytta i kommunale ombod. Sat i fangenskap for motstandsarbeid under krigen 1945.

Ragnvald Lunde

1914-2003) Spelemann, folkedansar og slåttekomponist.

Konrad Sætren

f. 1916 i Hornindal, busett i Oslo. Offiser og skiskyttar. Utdanna på landbruksskule og underoffiserskulen. Deltok i krigshandlingane i Valdres i 1940, og tenestegjorde m.a. i 10 år som kaptein i Brigade Sør. Sætren har fleire NM-titlar i skiskyting.

Pål Ytrehorn

(1916-1940) frå Hornindal. Fødd i Amerika, men flytta tre år gamal heim saman med foreldra til Hornindal. Gjekk Mindresunde jordbruksskule. Etter krigsutbrotet 1940 deltok han i kampane i Valdres, der han fall ved Kronborg bru.

Anna Lunde

(1917–2001) frå Hornindal. Kvedar og dansar. – Sjå Ragnvald Lunde.

Martin Andreas J. Melheim

(1920–1943) frå Hornindal. Kokk og krigsseglar. Tok hyre på D/S ”Iris” tre dagar før krigsutbrotet i april 1940. Vart seinare kokk på M7T ”Glittre” og miste livet då skipet vart torpedert på veg frå Mersey til New York 23. februar 1943.

Håkon Gausemel

(1921-2004) frå Hornindal, busett i Førde. Jordskifteteknikar. Har gjeve ut fem bøker med dikt og forteljingar, dei mest kjende er "Like for like" (1951), "Over fjellet", og diktsamlinga "Far i graset" (1956). Flittig bidragsytar med noveller til vekeblad og aviser.

Elling Seljeset d.y.

f. 1928 i Hornindal. bonde og folkemusikar.

Rasmus Lødøen

f. 1936 i Hornindal. Lærar og idrettsmann. Utdanna ved Hæren Befalskule, Volda lærarskule, Statens Gymnastikkskule. Lærar ved Vinje skule i Telemark 1960, rektor ved same skule 1968-1978. Rektor ved Hornindal skule 1978-1998. Har vore korpsdirigent i 20 år og m.a. Noregsmeister i 5-kamp for junior.

Ola Sætren

f. 1938. Shippingmann og norsk konsul.

Atle Tomasgard

f. 1939. Lærar og politikar. Aktiv i arbeidet med å få gjenoppretta Hornindal som eigen kommune på 70-talet, og sterkt engasjert i arbeidet med Kvivsvegen (sjå Samferdsle i Hornindal). Var også ordførar 1984-1987.

Paul O. Tomasgard

f. 1941. Lærar, politikar og lokalhistorikar.

Jon Ytrehorn

f. 1940 i Hornindal. Lærar, kateket og kyrkjelydsarbeidar. Vart i 2000 som den første i Noreg ordinært til sokneprestteneste utan å ha teologisk embetseksamen. Ytrehorn gjer teneste som prest i heimbygda.


Gisle Tomasgard

f. 1942. Veterinær, doktorgrad 1976. Distriktsveterinær i Sunnfjord. President i Den Norske Veterinærforening 1993-1997, forutan talrike tillitsverv i fagorganisasjonar. Forfattar av "Vestenfjeldske veterinærforening 100 år, 1902-2002".

Lars Lunde

f. 1946. Fotograf.

Oline Løvlid

f. 1950. Folkemusikar.

Rolv Taraldset

Petter Øgar
f. 1953. Ein av dei fremste treskjærarane i landet. Driv m.a. kurs i treskjæring. Lærte kunsten m.a. av far sin Bjarne f. 1914.

Petter Øgar

Kommunelege og helsesjef i Hornindal frå 1984 til 1995, då han vart fylkeslege.

Per Knut Aaland

f. 1954 i Randabygda, busett i Hornindal. Langrennsløpar og smøreekspert for det norske landslaget.

Bjørn Lødemel

f. 1958 i Hornindal. Forretningsmann og Høgre-politikar.

Frode Grodås

f. 1964 i Hornindal. Fotballspelar og trenar.

Roger Lillestøl

Roger Lillestøl.
f. 1972 i Hornindal. Bankfunksjonær og skiskyttar. Har vorte Noregsmeister og teke kongepokalen i skifeltskyting 1995, 1996, 1997 og 2004. Har elles fire NM-titlar i sprintfeltskyting, og har sidan 1997 vunne den uoffisielle nordiske meisterskapen i skifeltskyting fire gonger.

Unni Løvlid

f. 1976 i Hornindal, busett i Oslo. Folkesongar og medlem av gruppa "Fjøgl".

Liv Merete Kroken

f. 1976 i Hornindal, busett i Arna. Hardingfelespelar og medlem av gruppa "Fjøgl".

Britt Pernille Frøholm

f. 1978 i Hornindal. Folkemusikar på hardingfele og vanleg fele.

Eline Fannemel

f. 1987, frå Hornindal. Skiskyttar. Tok gull i junior-NM, normaldistansen, i 2005.

MEIR OM HORNINDAL 
Hornindal kommune

 
Historia i Hornindal
Industri og næring i Hornindal
Kjende personar i Hornindal
Kommunehistoria i Hornindal
Krigshistoria i Hornindal
Kyrkjer i Hornindal
Samferdsle i Hornindal
Skular i Hornindal
Verd å sjå i Hornindal

 
Video frå Hornindal
Lyd frå Hornindal
KJENDE PERSONAR 
Kjende personar i Askvoll:
Kjende personar i Aurland
Kjende personar i Balestrand
Kjende personar i Bremanger
Kjende personar i Eid
Kjende personar i Fjaler
Kjende personar i Flora
Kjende personar i Førde
Kjende personar i Gaular
Kjende personar i Gloppen
Kjende personar i Gulen
Kjende personar i Hornindal
Kjende personar i Hyllestad
Kjende personar i Høyanger
Kjende personar i Jølster
Kjende personar i Leikanger
Kjende personar i Luster
Kjende personar i Lærdal
Kjende personar i Naustdal
Kjende personar i Selje
Kjende personar i Sogndal
Kjende personar i Solund
Kjende personar i Stryn
Kjende personar i Vik
Kjende personar i Vågsøy
Kjende personar i Årdal
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no