SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 

Verd å sjå i Bremanger

Grotlesanden. (Foto: Rune Møklebust, NRK © 2002)
Grotlesanden. (Foto: Rune Møklebust, NRK © 2002)

Grotlesanden

Fin badestrand på vestsida av Bremangerøya.

Publisert 04.07.2001 12:00. Oppdatert 25.01.2007 13:01.
(Foto: NRK)

Vingen helleristingsfelt

Eit av Nordens største helleristingsfelt med fleire tusen registerte bilete. (Vernemyndighetene har lagt strenge restriksjonar på ferdsle i feltet.)

Fiskeværet Kalvåg

– eit av dei best bevarte gamle fiskeværa frå 1800-talet på Vestlandet. Kyst-museum i Liset-buda. Overnatting, restaurantar, havfiske.

Handelsstaden Smørhamn

gamal handelsstad og skysstasjon. Under restaurering.

Fiskarbu på Geitholmen

vest for Kalvåg. Restaurert og eigd av folket i Innvik i Nordfjord. Slike buer budde båtlaga frå fjordane i når dei rodde fiske ved Kalvåg på 1800-talet.

Gamal kyrkjegard på Grotle

låg kring den gamle mellomalderkyrkja som vart riven i 1866. Verna kulturminne. Sjå: Gamlekyrkja på Grotle.

Skaars handelsstad

i Rugsund, restaurert skysstasjon og handelsstad frå 1700-talet. Frå Rugsund har ein også utsikt til Europas høgste ”sjøklippe” - Hornelen - 860 m.o.h. - bilete endst på sida. (Sjå også Handelsstaden Rugsund.)

Rugsund stort kyrkjesokn i gamal tid

innvendig overdådig dekorert m.a. av den kjende treskjæraren Lars Kinsarvik i 1911, og glasmåleri.

Trangt under taket i Ålfot-kyrkja

frå 1610 med interiør frå same tid. (Sjå meir omtale under Kyrkjer i Bremanger.)

Skatestraumstunnelen

Fylkets einaste undersjøiske vegtunnel opna i 2002.

Hornelen

Største sjøklippa i Europa.
Hormelen og Rugsund. Foto: Stig Silden.


MEIR OM BREMANGER 
Bremanger kommune

 
Aviser og media i Bremanger
Historia i Bremanger
Industri og næring i Bremanger
Kjende personar i Bremanger
Kommunehistoria i Bremanger
Krigshistoria i Bremanger
Kyrkjer i Bremanger
Samferdsle i Bremanger
Skular i Bremanger
Verd å sjå i Bremanger

 
Video frå Bremanger
Lyd frå Bremanger
BILETE FRÅ BREMANGER 
Rugsund - Bremanger
Hornelen - Bremanger
Bremangerpollen / Grotle - Bremanger
Kalvåg - Bremanger
Ålfoten - Bremanger
Davik - Bremanger
Svelgen - Bremanger
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no