SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 

Krigshistoria i Bremanger

Lasteskipet
Lasteskipet "Bivi" vart torpedert av norske MTB-ar i den strategisk viktige Frøysjøen natt til 2. juledag 1944. (Foto utlånt av Ståle Sørbotten)

Publisert 01.03.2001 11:13. Oppdatert 21.12.2006 10:09.
LYD OG VIDEO  Lyd Video

Det gamle vetesystemet i Nordfjord

Den eldste og raskaste måten å varsle ufred på i gamle dagar, var å tenne vetar. Vetane stod oftast på høge fjell med vidt utsyn.

Gamal vete ved Davik

I det gamle militære varslingssystemet med vetar, låg det i eldre tid ein vete vest for Davik.

Kina-Ola i Botnane

Under Napoleons-krigane tidleg på 1800-talet vert det fortalt at fiskarbonden Ole Oleson Nordbotten vart teken til fange av eit engelsk kaperskip.

1. verdskrig

Under 1. verdskrig i 1917 berga folk på Gåsøy 25 britiske sjøfolk som hadde drive over Nordsjøen i ein livbåt etter å ha blitt torpedert ved Shetland ei veke tidlegare.

2. verdskrig

Krigsutbrotet

Den 13. april 1940 naudlanda eit tysk Junker 52 transportfly/sjøfly i Berle, og den norske vaktbåten ”Hval V” tok tre fangar og senka flyet.

Tyske festningar

Skipsleia i Frøysjøen og nordover mot Nordfjord hadde stor strategisk betydning. Som ein lekk i invasjonsforsvaret ”Festung Norwegen” bygde tyskarane under 2. verdskrig store festningsverk med langtrekkande kanonar på Ospeneset i 1942 og Gotraneset ved Berle i 1943 for dekning av Frøysjøen

Shetlandsfart frå Bremanger

Shetlandsfarten fekk tidleg mange viktige bruhovud i Bremanger for våpentransport og transport av flyktningar og sabotørar.

”Operasjon Hamburg”

vart sett i verk mot Kalvåg 25. februar 1943. Tyskarane hadde fått tips om våpenlager og drivstoffdepot, og sette 800 mann inn i ein razzia der alle vaksne menn vart internerte i skulehuset. Dei fann ingenting, og den tyske offiseren som leia aksjonen hamna like etter på austfronten! (Høyr lydklipp.)

"Sabotasje i Svelgen"

I 1943 freista Linge-karane Ragnar Ulstein, Harald Svindseth og Nils Fjeld å sprengje fiendtlege skip på hamna i Svelgen. Aksjonen hadde kodeordet Vestige I (sjå også Krigshistoria i Askvoll). Etter loddtrekkjing skulle Harald Svindseth utføre oppdraget med å feste sprengladningar (Limpets) på skutesida til handelsskipet ”Hartmut”. Natt til 24. september vart oppdraget utført, men ladningen gjekk for tidleg av, og det skadde skipet vart sett på land. Dei tre rømde til England etter først å ha søkt tilflukt hos Thorbjørn Øvrebotten i Botnane.


Arne Øvrebotten, son til Thorbjørn Øvrebotten, ved hola der motstandsfolka vart gøymt. På det meste var det 5-6 personar i hola. Inngangen vart skjult med ei bjørk. (Foto utlånt av familien)


Sabotørar på flukt

I 1944 måtte ei anna gruppe Linge-karar, leia av ”tungtvanns-sabotøren” Fredrik Kayser, også søkje tilflukt hos Thorbjørn Øvrebotten etter å ha blitt oppdaga med miniubåtar ved Skatestraumen. Dei hadde i oppdrag å sprengje skip på hamna i Måløy. (Sjå òg Sabotørane på Gangsøy og Bjørn West.)

Konvoibombing i Frøysjøen

På det opne havstykket over Frøysjøen mellom Bremanger og Florelandet var tyske konvioar på veg langs kysten ekstra utsette for allierte åtak frå MTB-ar og bombefly.

I Frøysjøen søkkte norske MTB-ar mange skip. Lasteskipet "Bivi" vart torpedert i jula 1944. (Foto utlånt av Ståle Sørbotten)

Bombinga av "Framnæs"

I november 1944 vart Fylkesbaatanes ”Framnæs” skoten i brann av 30 allierte fly ved Kjelkenes i Midtgulen. Skipet hadde kring 70 passasjerar ombord.

Snowflake

Vinteren og våren 1945 heldt leiinga av Milorggruppa "Snowflake" til i Ålfotdalen og fjella kring Svelgen.

Overrumpla Linge-karar

13. mars 1945 vart radiostasjonen Roska ved Frøysjøen peila inn av tyskarane. Dei overrumpla dei to Linge-karane på stasjonen. Atle Svardal frå Florø vart drepen på staden, Fredrik Persen teken til fange (sjå også Krigshistoria i Flora).

Falne og omkomne frå Bremanger

I alt 31 personar frå Bremanger kommune fall i krigsteneste eller døydde av krigshandlingar. Berre Flora kommune hadde fleire krigsoffer under 2. verdskrig i Sogn og Fjordane.

Folk frå Bremanger i tysk fangenskap



Frøysjøen sett frå Botnane. Dette havstykker var svært viktig strategisk under 2. verdskrig. (Foto: Ragnvald Søgnesand, NRK)


MEIR OM BREMANGER 
Bremanger kommune

 
Aviser og media i Bremanger
Historia i Bremanger
Industri og næring i Bremanger
Kjende personar i Bremanger
Kommunehistoria i Bremanger
Krigshistoria i Bremanger
Kyrkjer i Bremanger
Samferdsle i Bremanger
Skular i Bremanger
Verd å sjå i Bremanger

 
Video frå Bremanger
Lyd frå Bremanger
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no