Gjensidige Sogn og Fjordane hadde eige styre og representantskap og var eit kundeeigd selskap som hadde lokalkontor kringom i heile fylket.
Basis i lokale branntygdelag
Bakgrunnen for denne sterkt desentraliserte organisasjonen var at det fylkesfemnande selskapet var bygd på dei lokale branntrygdelaga kringom i bygdene. Det første levedyktige av desse var Eid og Stårheim Brandtrygdelag som vart skipa i 1873. Men alt i 1845 hadde ein gjort det første mislukka forsøket på å skipe branntrygdelag her i fylket i Aurland. Dette var omlag 30 år etter at det første branntrygdelaget her i landet vart skipa i Land prestegjeld på Austlandet.
Norges Brannkasse kom først
Desse lokale branntrygdelaga var ikkje dei første som dreiv forsikring her i landet: Alt i 1867 hadde ein skipa ”Den amindelige Brandforsikrings-Indretning for Bygninger” – det som frå 1912 vart heitande Norges Brannkasse. Brannkassa hadde den største kundemassen sin i byar og tettstader, og det var m.a. fleire embetsgardar og kyrkjer her i fylket som forsikra i Brannkassa. Også kremmarar og gjestgjevarar forsikra der.
Særleg i Sogn var det mange som tok skrekken og forsikra husa sine i Brannkassa etter katastrofebrannen på Vikøyri i 1838. – Les meir om denne i artikkelen
Brannen på Vikøyri 1838.
Det vart vanleg at lensmennene var lokale agentar for Norges Brannkasse til langt inn på 1970-talet, fordi Norges Brannkasse var eit gjensidig eigd selskap der fylka valde generalforsamlinga og der Staten hadde sine representantar. Gjennom fleire samanslåingar har det som ein gong var Norges Brannkassa hamna som ein del av forsikringskonsernet Storebrand.
Bankane kravde brannforsikring
På slutten av 1800-talet vart det i høgt tempo skipa ei mengd lokale branntrygdelag kringom i mest heile fylket – med unntak av nokre kommunar i indre Sogn. Grunnen til at det vart skipa så mange branntrygdelag i desse åra, var at ein då var inne i ”det store hamskiftet” i jordbruket, med utskifting og utflytting til eigne tun der bøndene investerte i nye bygningar og moderne reiskapar. Mykje av dette vart lånefinansiert, og bankane kravde brannforsikring på det dei lånte pengar til. Men mange av desse første branntrygdelaga var svært små og sårbare dersom dei
fekk store utbetalingar. Trongen for reassurering gjorde at branntrygdelaga gradvis utvida samarbeidet – først med laga i dei næraste kommunane.
Dei lokala laga fekk knyte seg til det landsomfemnande Samtrygd, Norsk Gjensidige Forsikringsforening då dette vart skipa i 1922. 260 lokale brannkasser over heile landet gjekk med i Samtrygd.
I 1958 fekk Samtrygd løyve til å selje forsikringar for alle skadetypar.
Fram til 1960-talet vart forsikringsarbeidet utført av lokale agentar som gjorde dette arbeidet på fritida som ei tilleggsinntekt ved sida av t.d. gardsdrifta. Slik var det også for ei mengd andre forsikringsselskap.
Over til regionale branntrygdelag
I 1964 vart ei mengd lokale branntrygdelag i Sogn og Fjordane slegne saman i større einingar med fast tilsette forretningsførarar: Ytre Nordfjord Branntrygdelag, Sunnfjord Branntrygdelag, Ytre Sogn Branntrygdelag og Sogn Branntrygdelag. I 1974 vart branntrygdelaga i indre Nordfjord slegne saman til Indre Nordfjord Branntrygdelag. To lag - Naustdal og Vevring Branntrygdelag og Vik branntrygdelag - heldt det gåande som små, lokale lag heilt fram til Gjensidige Sogn og Fjordane vart skipa i 1986.
Fylkesorganisasjonen oppløyst
I 1974 vart Samtrygd slege saman med Norsk Bilforsikring Gjensidige, som hadde eit tett samarbeid med Norges Automobilforbund, og same året starta også samarbeidet med Livsforsikringsselskapet Gjensidige som hadde vorte skipa i 1847. Den kjende logoen med vektaren vart teke i bruk for heile konsernet Gjensidige Forsikring i 1976.
I 1985 fekk alle selskapa i gruppa felles leiing.
I 1993 starta Gjensidige også bankverksemd etter å ha kjøpt Inter Nordisk Bank. Finanskonsernet Gjensidige NOR vart skipa i 1999 av Sparebanken NOR og Gjensidige. Bank- og finansdelen av Gjensidige NOR vart i 2003 slege saman med Den norske Bank (DnB) til DnB NOR. Skadeforsikringsdelen Gjensidige NOR Forsikring heldt fram som eit sjølvstendig selskap som i 2005 skifta namn til Gjensidige Forsikring.
I denne omstillingsprosessen vart også Gjensidige Sogn og Fjordane gjort til eit fullt integrert selskap i Gjensidige Forsikring, og det lokale styret vart oppløyst. No sorterer Sogn og Fjordane under ei felles leiing for Vestlands-regionen i Gjensidige Forsikring.
- Sjå elles om Gjensidige Bank under
Sparebanken Sogn og Fjordane.