I Hyllestad kommune har Fylkesbaatane hatt 15 stoggestader fram gjennom tida.
Den såkalla fiskeritelegrafen vart bygd fram til Florø alt i 1861.
Postvegane
Det norske postvesenet vart organisert med faste postruter frå 1647. Den første postruta mellom Bergen og Trondheim gjekk på 1600-talet frå Bø (Leirvik) ved Bøfjorden, gjennom Lavikdalen til Guddalen (Fjaler kommune) og vidare gjennom Stensetdalen til Sygna i Gaular kommune.
I Hyllestad går postvegen frå Leirvik over Skor til Flekke i Fjaler og skriv seg frå 1786.
Køyreveg frå Staurdal
(nord for Leirvik) og over eidet til Hyllestad vart bygd i 1881.
Bilveg til Flekke
Med utgangspunkt i postvegen, vart vegen mellom Leirvik og Flekke gradvis utbetra og omlagt til bilveg i tida frå 1895 til 1935.
Øn-Sørbøvåg
I 1898 bygde Hans Hanson Horne med fleire veg mellom Øn kyrkje og kaia i Sørbøvåg. Motytinga skulle vere at Hyllestad kommune skulle fremje vegprosjektet Øn- Fjaler.
(sjå nedanfor Sørbøvåg-Hellevik).
Sørbøvåg-Hellevik
Riksveg 607 frå Sørbøvåg til Hellevik i Fjaler kommune vart opna i 1907.
Salbu bru
var ferdig 1908, og er einast kvelvingsbrua i Hyllestad.
Vegen Lavik-Lavikdalen-Løland bru
vart bygd i 1912.
Veg Leirvik-Ytre Bø
vart bygd i 1923.
Veg til Lifjorden
stod ferdig i 1923.
Veg Sørbøvåg-Sellevoll
i Skifjorden var ferdig i 1924 og seinare bygd vidare til Laberg.
Dalsfjord og Ytre Sogn Billag
vart skipa av Fylkesbaatane i 1938. Laget hadde bilruter i Lavik, Hyllestad og Fjaler, og gjekk inn i Firda Billag i 1946. Då disponerte det lokale selskapet fem bussar og ein garasje i Dale.
Veg til Rysjedalsvika
vart opna 1965 – sjå
Bitter strid om Rysjedalsvika om striden kring kai og ferjesamband.
Veg Leirvik-Lavik
vart bygd i 1973.
"Kystvegen" frå Laberg til Folkestad
i Fjaler kommune vart opna i 1989.
Teksttelefonen
vart starta ved Leirvik stasjon i 1986 og gav arbeid til 20 personar. Som ein kompensasjon for nedlegging av manuelle sentralar, fekk Leirvik i 1986 ein av tre slike stasjonar i Norge. I 2006 vart mannskapet halvert fordi det vart mindre etterspurnad etter slike teletenester.