Presten starta prosessen
Det var soknepresten i Askvoll,
Johan Carl Christie , som i 1856 starta prosessen som førde til skiping av Hyllestad kommune. Den gongen var folk meir opptekne av prestegjeld og soknegrenser enn av kommunegrenser, og kommunar vart kalla soknekommunar. Presten meinte det var både tungvindt og upraktisk at bygdene kring Åfjorden skulle høyre til Askvoll soknekall, som elles femnde om Askvoll og Vilnes sokn i Sunnfjord.
For å nå sokna lengst sør, måtte presten ut på lange og fårefulle sjøreiser. Christie rådde til at det vart skipa eit nytt Hyllestad soknekall av dei to sørlegaste sokna saman med Bø sokn, som høyrde under Lavik.
I 1858 tok stiftsdireksjonen i Bergen opp saka, og i eit møte mellom dei tre soknestyra i Øn, Hyllestad og Bø i 1859 gjekk utsendingane samrøystes inn for å skipe eit sams Hyllestad soknekall, eller prestegjeld.
I 1861 vart Hyllestad soknekall skipa ved kongeleg resolusjon, og den nye soknepresten fekk sete på Hyllestad. Dermed var også "soknekommunen" Hyllestad skipa, og første møtet i kommunestyret var 6. juli 1861. Første ordførar i Hyllestad var
Andreas Jacobsen Salbu.
Kommunen tok opptaket til skiping av
Hyllestad Privatbank i 1907.
Målstrid
Også Hyllestad opplevde kvass målstrid tidleg på 1900-talet. I 1910 var målsaka einaste valkampsak i Hyllestad sokn, og berre riksmålsfolk vart valde til kommunestyret. Agitatorar for riksmålssaka reiste frå bygd til bygd, og ei tid skulle det vere 800 riksmålsmedlemer i den vesle kommunen.
Nynorsk vart administrasjonsmål i kommunen i 1922 då Jonas Sørefjord var ordførar.
Skulestrid
Kommunen opplevde også hard strid kring ungdomsskuleordninga tidleg på 1960-talet og mykje strid i samband med nedlegging av grendaskular tidleg på 1990-talet. Sentraliseringa enda opp med berre ein barne- og ungdomsskule for heile kommunen frå skuleåret 2002 (sjå
Skular i Hyllestad).
Kommunehus
Hyllestad bygde kommunehus i Hyllestad sentrum i 1971. Frå krigen og fram til då hadde kommunestyremøta vorte haldne i ei gamal tyskarbrakke på Myrgjerdet, der også kommunekassa heldt hus.
HAFS
Hyllestad er saman med Askvoll, Fjaler, Solund og Gulen med i det interkommunale plan- og utviklingssamarbeidet HAFS, skipa 1992.
|
Kommunehuset ligg i Hyllestad, like ved kyrkja. I bakgrunnen er Lifjellet. (Foto: Randi Indrebø, NRK) |