Kommunane Fjaler og Hyllestad ynskte betre samband til Bergen, og i 1961 søkte dei om å få Rysjedalsvika inn på rutekartet til Fylkesbaatane.
Kravet om ei ferje i ytre Sognefjorden vart styrkt av at det kom veg langs Dalsfjorden frå Osen til Dale i 1958, og det vart bygd veg fram til Rutledal på sørsida av Sognefjorden. Samstundes vart det aktuelt å kople Solund inn på rutenettet med ferjeleie i Krakhella.
Fylkesbaatane ville ikkje
|
Olav Bruknapp. (©Fylkesarkivet) |
Men styret i Fylkesbatane gjekk imot prosjektet i Rysjedalsvika. Dette vekte harme, og folk lokalt tok styringa: Dampskipsekspeditør Carl Wolff bygde eit stort kaianlegg med ferjelem, og dei to kommunane Hyllestad og Fjaler ytte tilskot og garanterte for investeringa på 620 000 kroner. Ordførar
Olav Bruknapp spela ei sentral rolle for å få planen realisert.
Hamneanlegget i Rysjedalsvika vart opna i 1965 – utan at fylkesbaatdirektør Otto Røsberg var til stades! Sjølv om kaia låg der, nekta styret i Fylkesbaatane framleis å starte ruter dit.
Departementet skar i gjennom
Striden om rutestopp gjekk heilt til departementet, og styret for Fylkesbaatane måtte bøye seg. Eit halvt år etter kaiopninga vart Rysjedalsvika teken med som stoppestad for snøggruta på Sogn med busskorrespondanse til Dale. 400 frammøte feira sigeren over det mektige fylkesbaatstyre med salutt og fyrverkeri då "Sognefjord" la til kai!
Ekspressbåtane har hatt stopp i Rysjedalsvika sidan rutene starta i 1971.
Ferjesamband til Solund
Ferjesamband frå Rysjedalsvika til Krakhella i Solund vart opna i 1972. Vegvesenet og lokale krefter arbeidde først for at ferjeleiet skulle byggjast i Lifjorden lengre vest, men tapte mot Rysjedalsvika.
Den første planen om ferjesamband mellom Hyllstad og Solund var å starta ferje frå Laberg ved Skifjorden og til Leknessund i Nordre Solund – derfrå veg gjennom Solund
til ny ferje Steinsund-Nåra og til Kalgraff i Ytre Solund.
Ferjesambandet Rysjedalsvika-Rutledal
vart opna i 1975.