|
Vetti gard. (Foto: Torje Bjellaas, NRK) |
Vettisfossen
275 meter loddrett fall, i Vetti i Øvre Årdal. Noregs høgste foss i fritt fall etter at Mardalsfossen i Romsdal er utbygd, og eit av dei første naturobjekta i Noreg som vart freda, i 1924. Sjå:
Utladalen landskapsvernområde.
|
Vettisfossen. Foto: Per Johan Grue, NRK |
i Øvre Årdal, der ein på 1960-talet fann det til no mest komplette gardsanlegg frå vikingtida i Noreg.
Dagfinnsteinen
frå 1200-talet ved Årdal kyrkje på Årdalstangen. Steinen har runeskrift som fortel at presten Dagfinn song messe der. (Sjå "
Kyrkjer i Årdal").
Gruvegangane
til gamle
Årdal Koparverk frå 1700-talet. Blåberggruvene er synlege frå Øvre Årdal og frå vegen Årdal-Turtagrø. På Årdalstangen er det teke vare på "Koparverkshuset" frå tidleg 1700-tal. Huset vart funne att som bryggarhus på garden Sørheim i Luster og flytta til Årdal av historielaget i 1954. Koparverkshuset er freda.
Det gamle tunet
"ne' me sjøen" i Ofredal. Verna gardsanlegg med m.a. våningshus og vassdriven sag. (Sjå "
Skogsdrifta og Ofredalssaga".)
1000-meteren
- den gamle fjellvegen Øvre Årdal-Tyin med 42 svingar opp Heirsnosi.
|
Anleggsvegen mellom Årdal og Tyin var ferdig i 1920, og snor seg opp i 1000 m.o.h. opp den bratte fjellsida. Biletet er teke kring 1938-1942. (Foto: Normanns Kunstforlag © Fylkesarkivet) |
Anleggsvegen mellom Årdal og Tyin var ferdig i 1920, og snor seg opp i 1000 m.o.h. opp den bratte fjellsida. Biletet er teke kring 1938-1942. (Foto: Normanns Kunstforlag © Fylkesarkivet)