Den viktigaste delen av krigshistoria finn du under industrihistoria: "Tyskarane satsar på Årdal".
Engelske soldatar i Årdal 1940
Ved krigsutbrotet i aprildagane i 1940 var det fleire grupper engelske soldatar som tok seg over til Årdal etter å ha teke del i kampane mot tyskarane i Gudbrandsdalen. Den første gruppa på ni hadde teke inn på hotellet og vart tekne til fange av tyskarane. Den andre gruppa vart innlosjert hos bønder i Utladalen. Derfrå vart dei av norske kjentmenn losa i to grupper via Luster, over Jostedalsbreen og til Florø og Ålesunds-kanten, der dei vart henta av allierte skip over Nordsjøen.
Werkschutz
Då tyskarane starta utbyggjinga av aluminiumsverket i 1941, vart det skipa ein eigen militær vaktstyrke som skulle stå for sikringa og den politimessige kontrollen med aktiviteten i Årdal. Seinare vart denne militære avdelinga avløyst av ei avdeling som sorterte under SIPO (det tyske "sikringspolitiet"). Vaktstyrken vart kalla Werkschutz, og hadde også ansvaret for vakthald kring dei utanlandske krigsfangane som etterkvart tok over mykje av anleggsarbeidet. Både nordmenn og tyske Sicherheitspolizei deltok i Werkschutz. Den seinare så frykta Gestaposjefen i Sogn og Fjordane, Helmut Klötzer, var ei tid i teneste ved Werkschutz (sjå
Gestapo i Sogn og Fjordane).
Nazistar i Årdal
Nest etter kommunane Vik og Høyanger, hadde Årdal det tredje høgste talet registrerte medlemer av Nasjonal Samling under andre verdskrig. Ein stor del av medlemene i bygda var tilreisande i samband med Nordag-anlegget.
Adolf Hitler (1889-1945) vitja aldri Noreg offisielt, men den 12. april 1934 vitja han Sogn ombord i det tyske krigsskipet "Deutschland".
Tyskarbrakkene
Staten tok over Nordag-anlegga og starta utbygginga av aluminiumsverket i Årdal like etter krigen. For å skaffe nok husvære, vart mange tilreisande arbeidsfolk og familiane deira innlosjerte i brakkene som stod att etter krigstida. Fleire av tyskarbrakkene var i bruk som bustader langt ut på 1960-talet. Ein del brakker vart også nytta til forsamlingshus og offentlege kontor.