Dette var det andre flyselskapet i Sogn og Fjordane. I 1957 hadde
Arne Henden starta Fjordfly på Sandane. Førdefly dreiv avistransport og charterflyging med sjøfly, og hadde ei tid
”charterrute” mellom Førde og Bergen. Desse bergensrutene gjekk dagleg. Ved å kalle ruta for ”charter” utnytta Hjelmeland eit smotthol i regelverket. Flyselskapet hans fekk nemleg ikkje vanleg rutekonsesjon. Men ”charter” kunne han drive med så mykje han ville, sjølv om det var ruteflyging så god som nokon!
Flyselskapet Westwing frå Bergen dreiv tilsvarande ordning med ”charter” ei tid, fordi dei også hadde avisflyging mellom Førde og Bergen.
Andreas Hjelmeland bygde kombinert sjøflyhangar, kai, ekspedisjonsbygning og kontrolltårn på Øyrane, like ved utløpet av Jølstra. Dette bygget fungerte som ekspedisjonsbygg og kontrolltårn i dei åra som den kommunale småflyplassen på industriområdet Øyrane var i bruk, frå 1971 til Førde Lufthamn på Bringeland opna i 1986.