Med over to i promille rende mannen på grunn ei juninatt i 2010. Ei mainatt året etter grunnstøytte mannen på nytt med båt.
No er mannen dømd til fengsel i 75 dagar på vilkår, og 10.000 kroner i bot, for dei to forholda.
Ved den første grunnstøytinga var promillen uomtvisteleg. Blodprøve kring fire timar etter grunnstøytinga, viste ein promille på 1,74. Mannen skal også ha drukke alkohol på ein utestad før han la ut på fjorden.
For forholdet i mai i fjor, vart mannen dømd for etterfølgjande alkoholinntak. Medan båten vart liggjande å slå mot svaberget, erkjende han å ha reist heim og drukke alkohol. Blodprøve kring ni timar etter uhellet viste ein promille på 0,13.
Mannen er fire gonger domfelt for promillekøyring på land. Sist i 2003. Fjordane tingrett viste til at det eldste forholdet i tiltalen låg to år tilbake i tid, utan at dette var mannen si skuld.