Hopp til innhold

Karadas sikra laget opprykk

Eidaren Azar Karadas sikra tyrkiske Kasimpasa opprykk til Superligaen laurdag kveld. Laget vann 3–2 etter ekstraomgangar.

Steffen Iversen i kamp mot Azar Karadas.

SPELTE FOR BRANN: Her er Azar Karadas i Branntrøya i ein tidlegare kamp.

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

Stillinga mellom Kasimpasa og Adanaspor var 2–2 og ekstraomgangane var neste ferdige. Det såg lenge ut til at det skulle bli straffesparkkonkurransen, men like før slutt, skåra Azar Karadas og det braut ut full jubel, skriv VG Nett.

Eidaren kom ikkje på bana før i det 84. speleminuttet. Han er svært glad for å ha sikra laget sitt opprykk til Superligaen.

– Dette var stort, og kjem svært høgt på lista over høgdepunkt i karrieren, seier han til nettavisa.

30-åringen er frå Nordfjordeid og har mellom anna spelt på Brann, Rosenborg og på A-landslaget. I 2009 gjekk til den tyrkiske klubben Kasimpasa.

Han har blitt seriemeister med Rosenborg tre gonger, med Benfica i 2005 og Brann i 2007.

Karadas har kontrakt med den tyrkiske klubben ut året. Han seier det er fleire som har meldt si interesse for han.

– Det var i januar, men då ville ikkje klubben sleppe meg. No får vi sjå kva som skjer, seier han.