Linda Landøy jaktar på skrot i skjergarden i Askvoll. Det er ho ikkje åleine om. Søppel og skrot flyt i land langt kysten langs heile landet.
– Her er vi midt i eit naturreservat. Desse reservata vil vi skal vere noko fint som vi kan vise fram til folk, men vi er ikkje alltid så stolte av det vi kan sjå her, nei, seier Landøy.
Ligg strødd overalt
Nede i sjøen flyt det plastkanner og tønner. På strendene ligg det strødd med all slags bos, rusk og rask.
Det er berre eitt år sidan ho var med å rydde ei av strendene heilt rein for søppel. Det ser ikkje slik ut no. Tønner, bøyar, plastkaggar, tomflasker og ymse plastrestar ligg overalt.
Har funne bos frå 13 nasjonar
Kvart år flyt det i land tonnevis med bos. Dette er eit internasjonalt problem, meiner Landøy.
– Vi har funne bos frå iallfall 13 nasjonar, seier Landøy, og risar oppgitt på hovudet.
(Artikkelen held fram under TV-innslaget)
Kystarven
Og situasjonen uroar ikkje berre dei som bur langs kysten. Også Verdas Naturfond er svært uroa over situasjonen.
– Dette er eit alvorleg globalt problem. Ein reknar med at over seks millionar tonn søppel hamnar i havet kvart einaste år. Dette gjer at om lag ein million sjøfugl vert skadde og døyr kvart år, seier generalsekretær i Verdas Naturfond, Nina Jensen.
Vanskeleg å finne syndaren
Å finne syndaren for forsøplinga er ikkje lett. Det skjer berre i dei færraste tilfella.
– Det er dei som forsøplar som har ansvar for å rydde opp. Det vil seie at det er både deg og meg, det er næringar som bidreg til at boset spreier seg, både fiskerinæringa og oppdrettsnæringa må ta sin del av kaka, seier Jensen.
Ho legg til at det er myndigheitene som må løyve pengar til dette arbeidet og syte for gode avfalls- og resirkuleringssystem.
Har for første gong spora eigar
I Askvoll har dei klart å finne eigaren til eit digert flyteelement som har lege og duppa skjemmande i vassoverflata.
– Det er første gongen vi har klart å spore eigaren. Denne gongen er det Transocean. Dei reagerte med ein gong og er villige til å komme og fjerne det. Men vi skal hjelpe dei litt. Vi skal taue det til kai så dei kan få tak i det der med bil og kran, seier Landøy.