Saman med Sparebankstiftinga leitar NRK Sogn og Fjordane etter den beste kulturidéen i fylket. Den som vinn, stikk av med 100 000 kroner til prosjektet sitt.
Då fristen for å sende inn idear var gått ut, hadde det komme inn 35 søknader.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Juryen har plukka ut ti kandidatar, som utgjer eit finaleheat i konkurransen.
- No kan du stemme på den kandidaten du meiner har den beste ideen. Det er berre lov å stemme éin gong kvar dag.
Her er juryen sine finalekandidatar:
Balestrand Vinterfestival Korps
Ein korpsfestival i Balestrand for ungdoms- og vaksenkorps og både brass og janitsjarbesetning. Balestrand Musikklag vil skape ein arena for læring og inspirasjon for alle, og har alliert seg med arrangørkompetansen i den veletablerte Balejazz. Musikalsk ansvarleg er den erfarne komponisten og arrangøren Magne Rutle.
- LES MEIR:
Boknatti i Fjærland
Boknatti har vorte arrangert kvar midtsommarlaurdag sidan 1997, og er både ein gjenbruksmarknad for bøker (med «4 km bøker til sals»), ein litteraturfestival med føredrag, bokbad, konsertar og underhaldning – og med ei fantastisk ramme av grøn fjord, blå bre og historiske Mundal hotell. Alle arrangementa er dessutan gratis.
- LES MEIR:
Idéverkstad for landskapsforteljingar
Amlabukti grendelag, Knaken og Kaupanger Hovedgård går her saman for å utvikle ein unik kultursti i Kaupanger, med mobiltelefonen som «personleg guide» gjennom eit historierikt område som i tillegg vert utsmykka med «land art» og annan spanande kunst.
- LES MEIR:
Jølster Tangofestival
Tangoklubben Jølster Tango ønskjer å skape ein ny Tangofestival med artistar og kurshaldarar i internasjonal toppklasse på seinsommaren/tidleg haust 2012. Ambisjonane er å trekkje både eit danseiniteressert lokalt publikum og tangofrelste frå andre delar av landet.
- LES MEIR:
Via Ferrata Loen
Nyskipinga Loen Active AS ønskjer å byggje ut Via Ferrata Loen, ein klatresti som går opp til fjellet Hoven på 1010 m.o.h. Klatrestien vil ha ein wire som er fastmontert i fjellet, med klatretrinn bora inn i fjellet på dei vanskelegaste områda. Ein kan hekte seg på wiren med karabinkrok, slik at ruta vert tilgjengeleg for langt fleire enn dei som til vanleg klatrar i desse fantastiske fjella.
- LES MEIR:
Måløy Havfiskefestival
Ein internasjonal havfiskefestival i fiskeindustrimetropolen Måløy for både sportsfiskar-elite og hobbyfiskarar med både folkefest, barneprogram og moglegheit for å smake på både fangsten og annan lokal mat, tilberedt på beste måte av lokale kokkar.
- LES MEIR:
Operahelg på Åmot Operagard
Åmot Operagard har etablert seg som ei av Norges viktige og mest særprega operascener, og har sanka ei rad prisar for sitt nybrottsarbeid – no nyleg fekk dei prisen for «årets reiselivsperle». 23. august 2012 set dei opp sitt mest ambisiøse prosjekt nokon sinne; barokkoperaen «Orlando» av Händel – som dei første i Norge.
- LES MEIR:
Opplev Leikanger: Sommarfest
Opplev Leikanger vil gjenreise gamle stolte rocketradisjonar frå «Knausen» på 80-talet, ved å først la unge lokale musikktalent får øve med og lære av gamle og nye rockeheltar, og til slutt opptre saman med dei på ein storstila konsert på Nokkaneset ved Knausen.
- LES MEIR:
Spelet om Kong Audbjørn av Fjordane
Eit annleis Spel om den historiske Audbjørn frå Eid, som vart gravlagd i Noregs største vikingskip – men som likevel svært få kjenner til. Spelet skal presenterast i handlegata i Nordfjordeid over 3 «episodar», med avsluttande episode 15. september under årets Eidamesse.
Utkantfestivalen
Femåringen UTKANT har allereie blitt ein namngjeten kunst- og musikkfestival med ein tydeleg, innovativ norsk profil, og trakk i fjor heile 6200 menneske til vesle Skjerjehamn i Gulen. Utkant blei arrangert første gong i 2007 i samband med avdukinga av statuen av Kong Olav V.
- LES MEIR: Utkant drøymer om 100.000
- Her kan du stemme, men berre ein gong i døgnet per ip-adresse. Deler du ip-adresse med fleire, til dømes om du jobbar på ein skule eller ein annan offentleg institusjon, får du feilmelding om andre har røysta før deg.