Hopp til innhold

FC Anzhi vil ha Even Hovland

Den styrtrike klubben FC Anzhi frå Dagestan skal ha kasta seg inn kampen om Sogndal-stoppar Even Hovland. Dermed kan han bli lagkamerat med Samuel Eto'o og Roberto Carlos.

Even Hovland
Foto: Rune Fossum / NRK

- Hadde det vore noko i det ville sjølvsagt vore noko eg hadde vurdert, men eg har ikkje høyrt noko konkret, seier Even Hovland.

Fleire andre kjelder stadfestar imidlertid at den svært pengesterke klubben frå Nord-Kaukasus har kasta augene sine på midstopparen frå Vadheim. Dei skal ha signalisert ei løn og ein overgangssum ingen av dei andre interesserte klubbane er i nærleiken av å matche.

Sogndal-møte i kveld

Leiinga og styret i Sogndal Fotball hadde etter det NRK kjenner til eit møte onsdag kveld med eit punkt på sakskartet: Framtida til Even Hovland.

- Me veit at det er interesse for Even. Det har ikkje kome noko konkret, men me har blitt fortalt at det er fleire klubbar involvert, seier dagleg leiar i Sogndal Fotball, Egil Mundal i ein knapp kommentar.

I følgje nokre av dei same kjeldene er Molde framleis høgaktuelle for 22-åringen frå Vadheim, i tillegg til fleire andre klubbar.

Mundal avviser imidlertid at noko overgang vil finne stad med det aller første. Hovland sjølv var på veg heim til Vadheim for nyttårsferie då NRK snakka med han.

Stjernelag frå Kaukasus

FC Anzhi kjem frå republikken Dagestan i Nord-Kaukasus. Dei spelar i den russiske serien og sjokkerte fotballverda då dei sikra seg signaturen til den tidlegare Inter og Barcelona-spissen Samuel Eto'o for 218 millionar kroner, og gjorde han til den best betalte fotballspelaren i verda. Om Hovland skulle ende opp i Anzhi vil han også bli lagkamerat med den aldrande brasilianske superstjerna Roberto Carlos og tidlegare Chelsea-spelar Yuri Zhirkov.

FC Anzhi spelar heimekampane sine i hovudstaden Makhachkala i Dagestan, men på grunn av uroa i republikken bur og trenar spelarane i Moskva.

Les meir om FC Anzhi i Wikipedia

Kobla til mange

Hovland har tidlegare vore på treningsopphald hjå Manchester United og har mellom anna vore kobla til Queens Park Rangers og FC København. Crystal Palace har tidlegare, som Molde, bydd på Hovland utan å få napp.

Hovland sin agent, Jim Solbakken, var ikkje tilgjengeleg på telefon onsdag kveld.

Vindauget for spelarovergangar opnar først 1. januar.