Hopp til innhold

Skartun skreiv under for Haugesund

Sogndølen Oddbjørn Skartun blir profesjonell fotballspelar frå fyrste januar.

Oddbjørn Skartun

KLAR FOR ELITESERIEN: Oddbjørn Skartun (t.v.)

Foto: privat / Vard Haugesund

– Eg er utruleg godt nøgd med det, og det er veldig deilig at alt det arbeidet eg har lagt ned gir resultat, seier den ferske eliteseriespelaren.

Imponerte

På tre sesongar har 22-åringen skora 26 mål hos årets tabelltoar i 2. divisjon avdeling 3, Vard Haugesund. Dei gode prestasjonane gjorde at han førre veke var på treningsopphald i Tyrkia med FK Haugesund.

Der imponerte han so mykje at han kan kalla seg eliteseriespelar frå 1. januar 2012.

– Det har vore ein pågåande prosess den siste veka, og det har vore litt stress. No ser eg fram til å slappa av.

Men avslapping er det ikkje sikkert det blir so veldig mykje tid til. 22-åringen studerer økonomi ved sidan av fotballen, noko han kjem til å halda fram med sjølv om han frå nyttår kan kalla seg profesjonell fotballspelar.

– Eg må ta eit skikkeleg skippertak og lesa til eksamen no, eg har ikkje akkurat hatt so mykje tid til det i det siste. Det er viktig å ha noko å falla tilbake på slik at ein ikkje står på bar bakke når eg ikkje kan spela meir fotball.

– Det meste ligg til rette for han

Jostein Grindhaug

IMPONERT: FK Haugesundtrenar Jostein Grindhaug.

Foto: Ness, Jan Kåre / Scanpix

Haugesundtrenar Jostein Grindhaug har tidlegare sagt til NRK at Skartun har hatt ei fin utvikling i Vard.

– Han er ein ambisiøs kar som veit kva han vil og han er treningsvillig. Oddbjørn er ein fin type og det meste ligg til rette for han, sa Grindhaug til NRK måndag.

Angrar ikkje på Sogndal-avgjersle

Oddbjørn Skartun

EX-SOGNDALSPELAR: Skartun reiste frå Sogndal i 2009.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Skartun spelte i Sogndal fram til 2009, men fekk lite speletid og valde i 2009 å reisa til 2. divisjonsklubben Vard Haugesund.

– Eg har utvikla med som både spelar og person, so eg angrar ikkje i det heile tatt på at eg reiste frå Sogndal, sa Skartun til NRK før han reiste på treningsleir med FK Haugesund.

«Berre å dryla på»

Skartun blir i utgangspunktet henta som ein utfordrar, men trur han får nok speletid neste sesong.

– Held eg fram med den utviklinga eg har hatt til no, er eg sikker på at eg kjem til å få speletid. «No er det berre å dryla på».

Gledar seg til Campus

– Det blir spesielt å springa ut på Fosshaugane med Haugesund-drakt, det er noko eg grugledar meg til. Det kjem garantert til å vekkja kjensler, seier 22-åringen.

Skartun sa til NRK før han reiste på treningsleir med FKH at Sogndal alltid vil vera eit spesielt lag for han

– Sogndal vil alltid ha ein spesiell plass i hjartet mitt. Å springa ut på Fosshaugane i ein Tippeligakamp hadde gitt meg frysningar.

No kan han altså få moglegheita til det, som FK Haugesund-spelar til neste år, dersom Sogndal held seg i den øvste divisjonen.