For å røyste finn du din favoritt i lista og trykker stem. Du kan røyste ein gong i døgnet frå kvar ip-adresse. Siste frist er søndag 13. november.
Luttprisen vert delt ut under lokalmusikkgallaen Julelutt i Førdehuset laurdag 26. november klokka 18.
- LES OG:
- LES OG:
1. Steinar Engelbrektson Band, kom med si sjuande langspelplate i år. Nok ein gang til stor glede for eit danseglad publikum både i fylket og på store festivaler landet rundt. Nordfjordingane har vore faste gjestar på fylkestoppen i år med fleire av låtane frå plata Terningen er kasta.
2. Karl Seglem frå Årdal har nok ein gang synt at han er ein av landets beste jazz-musikarar. I år vart årdølen mellom anna heidra under folkemusikken si grammy-utdeling, Folkelarm, der han vart tildelt pris i open klasse for plata Ossicles
3. Synnøve Bjørset frå Jølster har teke tradisjonell folkemusikk til eit nytt nivå. Ho fekk pris for beste solospel under FolkeLarm, og vann også A-klassen under Vestlandskappleiken nyleg.
4. Eva Weel Skram frå Sogndal er nominert til internasjonal MTV-pris i selskap med internasjonale artistar som Britney Spears. I lag med bandet sitt har sogndalsjenta hatt inne heile fem songar frå det kritikarroste albumet Dominoes inne på A-lista i Nrk P1. Eva & the Heartmaker har også tre førsteplassar på Fylkestoppen
5. Åshild Mundal frå Luster har fått ein pangstart på solokarriera frå publikum og meldarar som har overgått kvarandre i terningkast. Mellom anna fekk Hafslo-artisten 8 av 10 mulige poeng frå meldaren i norsk på norsk for debutplata "Fritt Fall".
6. Olav Stedje fekk Lutt sin heiderspris då publikum og artistar frå fylket hylla han for 30 år som plateartist i september. Stedje er ein av dei mest spelte artistane i norsk radio, og er hyppig gjest på scener også her i fylket.
7. Liv Kreken frå Luster debuterte som plateartist i fjor med albumet Søt og Snill. Lustringen har hatt fleire av låtane inne på Fylkestoppen i år, og er også å høyre på fleire av dei nasjonale radiostasjonane. 26.november står ho på julelutt-scena.
8. Thea Hjelmeland frå Førde er kjent som ein framifrå "live-artist" med konsertar i både inn og utland. Snart kjem debutplata til førde-artisten som også blir å høyre under julelutt 26.november.
9. Good Time Charlie er ute med ny plate. I fjor var sunnfjorbandet nominert til spelmannspris, og skal ein dømme ut frå platemeldarane sine terningkast, med femmarar frå BA og VG, er den nye plata "Garage-A-Go-Go!" sterk kandidat til ei ny nominering .
10. Steinar Karlsen frå Eikefjord er fast låtskrivar og gitarist i Good Time Charlie. I februar debuterte eikefjordingen som soloartist med instrumentalplata Ulydium som vart svært godt motteken.
11. Bjørn Inge Berge har markert seg sterkt på Fylkestoppen med songen "Komme det som komme må" frå debutplata "Rusletur bak tid og rom". Selje-artisten har markert seg sterk på fylkestoppen i haust og toppar akkurat no lista.
12. Kjell Madsen frå Raudeberg har skrive musikk i ei årrekke og i haust leverte vågsøyværingen si første langspelplate, "Disanse". Madsen skriv tekstar på dialekt og er i ferd med å etablere seg som habil komponist og artist.
13. Tone Damli er den mestselgande plateartisten frå fylket. Sogndølen har ikkje levert ny plate i år men låtar frå dei fire langspelplatene er likevel i hyppig rotasjon på norske radiostasjonar.
14. Sigrid Moldestad frå Breim har turnert flittig med matriale frå fjorårsuksessen "Sandkorn" som gav både Fylkeskulturpris, Lutt-pris og kåring som årets folkemusikar i Norge. Breimingen er fast fylgje for norske radiolyttarar med musikk frå Sandkorn og debutplata Taus.
15. Svartmetallgruppa Vreid er blant dei aller største plateartistane frå Sogn og Fjordane. Sogningane har eit stort internasjonalt publikum og i februar leverte dei si femte langspelplate med namnet V. Vreid har dei siste åra fått mykje merksemd i det internasjonale metallmiljøet og spelt konsertar i over 20 land.
16. NRWY gav i 2011 ut EP-plata Corrections. Bandet består av fleire medlemmer frå The Generous Days som fekk Luttprisen i 2008. Bandet lanserte plata si ombord på båten til "Oppdrag Sognefjord," og leverer både melodiøs og fengande poprock.
17. Terje Espe speler i bandet Transistor. Honndølen gav i 2011 ut plata "Som vist på Radio" saman med bandet sitt. Musikken har vore spelelista i Nrk P1.
18. Iselin Solheim frå Naustdal fasinerer publikum med sin eigenskrivne musikk. Ho har gått LIPA-skulen i Liverpool, og gav i år gode konsertar både på Sommarlutt på Malakoff og musikktreffet Blest på Nordfjordeid.
19. Alexander Pavelich frå Nordfjordeid har fått mykje speletid i NRK P3 i 2011. Saman med bandet "Eye Emma Jedi" har det blitt speling både på store festivalar som Malakoff og Øya.
20. The Last Province er eit ungt band frå Nordfjordeid. Bandet har hatt låta Lullaby på Fylkestoppen. Dei har gjort mange konsertar lokalt, spelt på bransjetreffet Blest og gjeve ut singelen Run som var mykje lasta ned på Urørt.
21. Tom Stockman er eit studentband frå Sogndal som samlar rap, rock, pop og folkemusikk i eitt og same uttrykk. Dei har begeistra publikum, spelt inn fleire spennande låtar og spelt på Sommarlutt. På fylkestoppen har låta URO blitt ein slager.
22. Roger Allan Ivin frå Sogndal har hatt stor suksess i musikalen om Buddy Holly i Oslo. I 2011 har dei turnert Norge med ein versjon av musikalen, mellom anna for fullt hus i heimbygda Sogndal. Roger deltok også under Stedjelutt.
23. Vegar Urne frå Gloppen er ein av medlemmene i bandet Emty Bottle broken Hearts. Urne spelar gitar, syng og skriv melodiar og tekst i bandet som spelar tradisjonell country.
24. Linn Katrin Øygard frå Sandane starta dette året som vokalist i bandet Bergtatt. Folkrockbandet rockar opp folkemusikken med eit melodiøst lydbilete. Bandet har mellom anna spelt på Sommarlutt i 2011.
25. Einar Bolstad frå Luster er ein ung mann med ei stor stemme. Han har det siste året vist seg fram i Desembernatt i Sogndal og i finalen av MGP-lokal i Florø. Der song han rett før tv-sendinga starta frå kystbyen.
26. Ungdomskulen har brukt året på å gi ut eit album med ti låtar på eitt minutt kvar. Låtane gav dei først ut ein og ein saman med musikkvideo, og samla til slutt det heile til ei plate.
27. Svein Bjørkedal er ein trommeslager som har vore aktiv i mange prosjekt i 2011. Mest suksess har han hatt i gruppa Envy. Men han speler også i Bergtatt og Lovely Animals. Evvy er blitt eit av dei hottaste norske banda i 2011.
28. Vegard Leite er finalist i Idol 2011. Han har blitt omtala som favoritt av fleire. Leite har i fleire år imponert publikum under UKM. Det gjorde han også under fylkesmønstringa i Operahuset på Nordfjordeid i år.
29. Mathilde Skjæret vann alle klassane ho deltok i under Vestlandskappleiken i 2011. 15-åringen fekk samstundes tildelt Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris til unge utøvarar på hardingfele.
30. Arve Henriksen er ein av dei fremste jazzmusikarane i Norge. I 2011 var han nominert til Spelemannspris med gruppa Supersilent. Han fekk og Kongsberg Jazzfestival sin store musikarpris, og har spelt på fleire større festivalar i inn og utland.