Hopp til innhold

Samlar troppane for nynorsken

Målungdommen vil nynorskifisere den digitale verda og lanserar no ein dugnad for å få nynorskfolket med seg på laget.

Vebjørn Sture

NYNORSKIFISERING: Vebjørn Sture håpar fleire blir med på laget for å omsetje nettet til nynorsk.

Foto: Pressefoto

– Det er mange nynorskingar der ute som har lagt ned mange timars gratisarbeid på fritida for å omsetje nettsider, programvare og applikasjonar til nynorsk, seier Vebjørn Sture (23), nestleiar i Norsk Målungdom, i ei pressemelding.

I dag lanserte dei Nynorsk digitaldugnad som skal hjelpe dette arbeidet på veg. Målet er digital nynorskvekst.

– Med Nynorsk digitaldugnad ønskjer vi å styrkje det arbeidet, både gjennom å rette søkjelyset mot det, og gjennom å rekruttere fleire bidragsytarar, seier Sture.

Dugnadssentral

Konkret betyr det at dei som til dømes omset Wikipedia-artiklar til nynorsk skal ha eit nettverk og ein dugnadssentral der dei kan halde seg oppdatert på kva som blir gjort og kva som burde bli gjort.

Dugnadssentralen skal fungere som ei rettleiing for folk som gjerne vil bidra, men ikkje veit korleis.

Nettbankar på nynorsk

På sikt håpar dei at fleire sosiale media, programmvare, nettbankar og andre tenester skal verte tilgjengelege på nynorsk.

– Vi er særleg interesserte i å omsetje fleire tenester innanfor sosiale media. Likeins håpar vi også at vi får tilbydarar av ulike nettbanktenester og mobilordlister med på laget, seier Sture.

Målungdommen er allereie i kontakt med nokre av dei kommersielle aktørane for å leggje til rette for dugnadsomsetjing, men dei kan ikkje gå nærare inn på kven og kva før ting er avklart, kjem det fram i ein e-post.