Hopp til innhold

Her blir fjellklatrarane redda ned

Etter å ha overnatta i over 2000 meters høgde, vart dei to fjellklatrarane berga ned frå Store Skagastølstind med helikopter.

Redda ned frå Skagastølstindane

VENTA PÅ HJELP: Dei to fjellklatrarane får hjelp frå redningshelikopteret etter ei natt under open himmel. Biletet er henta frå hjelmkameraet til redningsmannen.

Foto: 330-skvadronen

– Det var ein heilt grei operasjon. Det gjekk rutinemessig, og det var greia forhold då dei vart henta ned, seier fartøysjef Håvard Lundstrøm til NRK.no.

Stod på eit platå mellom tindane

Ein fjellklatrar skadde seg torsdag kveld i ein fot like under toppen av Store Skagastølstind i Hurrungane. Etter å ha konferert med politiet, bestemte mannen og ein klatrekamerat seg for å overnatte i fjellet i påvente av å få hjelp av helikopter.

I morgontimane fredag vart mennene henta ned frå over 2000 meters høgde av eit redningshelikopter frå basen i Florø. Då stod kameratane på eit platå mellom Midtre og Store Skagastølstind.

Frå helikopteret kunne ein redningsmann kontrollert fire seg ned til karane.

– Vi hadde ei alpin redningsgruppe klar, i tilfelle det skulle bli dårleg vêr. Flygeforholda har mykje å seie under slike operasjonar – særleg når det er så høgt oppe, seier Lundstrøm.

Hadde kontakt på mobiltelefon

Mennene skal ha vore rusta til å takle ei overnatting i høgfjellet, og etter det NRK.no forstår skal den skadde mannen ha blitt utskrive frå sjukehus kort tid etter at han kom dit.

– Det er ikkje kvar dag vi bergar folk så høgt oppe. Men dei stod klare, og vi hadde kontakt med dei på mobiltelefon, så det heile gjekk eigentleg veldig greitt, seier Lundstrøm.

Dei to nordmennene var i slutten av 20-åra og i byrjinga av 30-åra. Store Skagastølstind (2405 m.o.h.) er Norges tredje høgste fjell, og eit ettertrakta mål for klatrarar.